Om meg

Vel – kven er så eg? Hamskifte er tittelen på bloggen. Det gir nokre hint, men kor mykje seier det eigentleg?

Tja…

Eg fann ei fin formulering på engelsk, som eg med litt endringar kan bruka sjølv: «I am a playful drug-free, alcohol-free, smoke-free male-bodied heterosexual crossdresser who enjoys manga, cartoons, SF&Fantasy, reading, writing, painting and drawing, graphic work and website creation. That about sums me up pretty well.»

På norsk ville eg måtta ha reformulert ein del av dette på ein mindre elegant måte, ved å bruka ein god del fleire ord. Men – det er vel eigentleg krystallklart det som står der? Greit nok, er du ikkje så stødig i engelsk så kan det kanskje vera tungt å få med seg alt, men det bør òg gå fram av resten av sidene mine.

Dette hamskiftet mitt heldt eg lenge for meg sjølv, redd for kva andre ville seia om eg var rebelsk og ikkje var slik det var venta av meg at eg skulle vera. Sjølv familien heldt eg utanfor, ikledd ein ham eg ikkje alltid følte passa heilt.

Slik er det ikkje no lengre. Ved hjelp av venner og store omveltingar i livet mitt kom eg til slutt fram til ein dag då eg tenkte: Søren heller, eg tek ikkje på meg den vanlege hammen i dag, no er det på tide å kjenna meg litt fri. Og ut gjekk eg – stadig i ein liten ham, men no var det i alle fall råd å sjå meg, og ikkje berre hammen. Det var som å sleppa ut i det fri for første gong, etter å ha vore innesperra i årevis. Ikkje snakk om at eg ville tilbake til den situasjonen.

Korleis har så folk reagert på dette opprøret mitt, når dei må forhalda seg til ein annan røyndom enn den dei vanlegvis møter? Stort sett heilt fint. Enkelte har hatt litt problem med at terrenget ikkje stemmer overeins med kartet, men for flesteparten er det «business as usual» – og så er det nokre som har sansen for litt opprør òg då. 😉