Mannesminke

Ikkje før eg har nemnd menn og hårfarging i førre innlegg, så ser eg Aftenposten kjem med eit innlegg om sminke for menn. Ikkje det at det finst menn som brukar sminke – det er gammalt nytt – men at det no vert å finna i ei stor kjede som H&M. Ikkje berre kremar og slikt, men neglelakk, mascara osv. Er det teiknet på at sminke for menn no er blitt mainstream? At det faktisk er vanlg og godteke?

Vel…

Det er to ting som eg ikkje greier å la vera å tenkja på. Tydlegast er vel kommentarane til artikkelen, flesteparten av dei som har kome så langt er vel heller fordomsfulle. Raske til å dømma, utan å heilt veta kva dei snakkar om, ser det ut til.

Den andre tingen eg tenkjer på er H&M sine herreskjørt. Jada, dei har i alle fall hatt dei – har de ikkje sett dei, kanskje? Det kan sikkert vera fordi dei berre hadde skjørta inne i enkelte av butikkane sine, sjølv om dei vart seld unna fort. Skjørta vart ikkje spreidd rundt til alle butikkane i kjeda. Eg reknar i grunnen med at H&M vil bruka same praksis med sminken, at den kun vil vera tilgjengeleg i enkelte butikkar i større byar.

Så, sjølv om det no er i sortementet til ei stor kjede, så vil nok ikkje sminke for menn vera så heilt vanleg å sjå likevel, tenkjer eg. Men det er då ein start.

3 thoughts on “Mannesminke”

  1. Når det gjelder kommentarene i Dagbladet… De fleste som svarer der er bare ute etter å lire av seg så mye crap de klarer i løpet av kortest mulig tid, virker det som. 🙄 😡

    Når det gjelder sminke for menn… hva er forskjellen? Mulig jeg er naiv altså, men sminke er sminke, er det ikke?

  2. Forskjellen… på herre- og damesminke? Innpakninga, tenkjer eg. Diverse kremar og slikt kan kanskje vera litt forskjellig, sidan huda til menn skal vera litt grovare enn kvinnene si hud. Men elles så er sminke sminke ja. 🙂

    Når det gjeld dei fordomsfulle kommentarane, så er det nok dei færraste som veit kva det vil seia å sminka seg. Dei ser nok for seg tydeleg bruk av augeskugge, eyeliner, leppestift og så vidare. Slikt er nok passande i enkelte situasjonar (clubbing, fest, …) men elles gjeld det same som for kvinner: Less is more. Litt for Ã¥ skjula mørke ringar under augene, få huda til å sjå friskare ut, augene meir opne (les: Meir opplagt, mindre trøytt) og så vidare. Det treng ikkje sjå sminka ut i det heile.

    Eg leste om ein som hadde brukt litt lett dekkrem lenge – kommentarane kom ikkje før han ein dag ikkje brukte det: Kollegaene syntest ikkje han såg så frisk ut – følte han seg heilt bra? 😉

  3. Pingback: Hamskifte

Comments are closed.