Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Kjønnskvotering

Berre ein rask liten tanke etter ein litt gøyalt nytt: “Likestillingsombudet vil kvotere inn transseksuelle i offentlege stillingar.” Berre tull sjølvsagt, men tanken som slo meg er: Sett at det no skal kvoterast inn basert pÃ¥ kjønn — er det dÃ¥ mest rettferdig Ã¥ kvotere med tanke pÃ¥ det som er mellom beina, eller det som er mellom øyrene?

Dei fleste vil kanskje ikkje ha problem med Ã¥ plassere ei transseksuell mann-til-kvinne i kategorien “kvinne”, sjølv før operasjon, men kva med andre transepersonar? T.d. ein mann som lever livet som kvinne pÃ¥ fulltid utan Ã¥ vera interessert Ã¥ endra pÃ¥ kroppen — skal vedkommande reknast som mann eller kvinne? Eller ein person som lever livet 50/50 som mann/kvinne? Kva bør vera avgjerande for korleis vedkommande skal kvoterast?

Mykje kan nok seiast, men kva tankar gjer de dykk sånn reint på sparket no?

Comments are off for this post

Comments are closed.