Norske sitatteikn i WordPress

Reglane for typografi varierer i dei ulike landa, og kva sitatteikn som vert brukt her i landet er ulike dei som vert brukte i WordPress sin standardinnstallasjon. Det kunne difor vera hyggeleg med eit lite innstikk som konverterte frå doble og enkle sitatteikn til dei norske – og det er akkurat det eg har her: Norquote – konverterer til norske sitatteikn. No skal eg ikkje gjera meg flinkare enn eg er, då eg berre har teke innstikket til Kimmo Suominen, finquote, og endra til norske forhold.

Eg har brukt det sjølv i lengre tid (heilt problemfitt) så då eg hadde ei opprydding her i kveld, fann eg ut at eg skulle dela med dykk.

Last ned: Norquote

3 thoughts on “Norske sitatteikn i WordPress”

  1. Hm. Vel, eg hev vel skrive det fyrr, men eg brukar no «tastaturet» til å gjera slik. Det er ganske enkelt med tvo steg:

    # Legg inn Linux (Ubuntu, t.d.)
    # Bruk norske sitatteikn yveralt!

  2. Jo, du har nemnd det i samband med bruk av korrekt tankestrek – men for dei som av ein eller annan grunn ikkje legg in Linux, så kan eit innstikk passa bra…

Comments are closed.