Tre ting få veit om meg

Det er wander som trur eg vil ta opp tråden her – sjølv om ho er litt skeptisk… 😉

Tre jobber jeg har hatt i mitt liv: Lærarinne, butikkmedarbeider (ekspeditrise og oppgradering av PC-ar og slikt. Databutikk), webdesigner

Tre steder jeg har bodd: Bergen, Sørreisa (tja), Sandnes

Tre steder jeg har feriert: Noreg, Sverige, Danmark

Tre av mine favorittretter: Kylling av forskjellig slag, sosekjøt, oksesteik

Tre steder jeg skulle likt å ha vært nå: Ein plass der eg vert dulla og stelt med etter alle kunstens reglar, ved/i sjøen, Hellas

Tre personer jeg tror kommer til å svare på dette: Overrask meg…

Kopiert og besvart
Og snille deg, ikke ødelegg det morsomme.
Kopier det over på din blogg, fjern mine og legg til dine egne svar.
På denne måten får du vite masse nytt og spennende om andre!

2 thoughts on “Tre ting få veit om meg”

  1. Vart skuffa yver å sjå at andre hev same nettbunaden som deg. So det er ein ferdiglaga greie?

    Dessutan burde du jo omsetja han til nynorsk; vert mykje tøffare då. Menmen, spursmåli var jo eigentleg ganske keisame. Eg kom her og venta eit stilig innlegg som ikkje var skrive etter ein mal, men tri ting du faktisk ville fortelja og som du sjølv tenkte få visste. 🙂

    Kann henda du kann skriva det? :]

  2. Nettbunad — i grunnen eit stilig ord. Har aldri høyrt eller lese det før, men kanskje er skulle byrja å nytta det? Å kle seg, eller nettstaden, i ein bunad. Hmmm…

    Uansett, då eg starta bloggen min på wordpress.com (etter nokre forsøk andre stadar) så kunne eg kun velgja mellom ulike prefabrikerte utsjånadar. Då eg tok steget over til mitt eige domene, tok eg det med meg, men endra samstundes ein del på det. Litt med fargane og detaljar, slik at det vart lettare å lesa og behageleg å sjå til, og litt meir med koden bak, slik at ting fungerer som dei bør. Og eg oversette det til nynorsk. (Legg merke til det no, at datoane er tilbake til framandlandsk etter oppgraderinga til siste versjon av WordPress — det skal eg ordna igjen.)

    wander er ei venninne som likte det ho såg her, så då fekk ho det av meg. Og dotter hennar fekk ein versjon til seg, med andre fargar. Så heilt åleine er eg ikkje om dette design… denne nettbunaden, men ikkje fullstendig identisk med dei andre som brukar originalen, heller. Når det er sagt, så går eg litt i tankar om ein som er litt meir meg. Unikt.

    Og så memet: Eg burde nok ha oversett til nynorsk, men det orka eg ikkje då. Men om eg kanskje skriv noko meir fritt om meg sjølv? Jo, kanskje det… No har eg i alle fall fått forslaget… 😉

Comments are closed.