Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Den nye punken?

Mote for menn er – vel, veldig mykje kjedeleg. Tradisjonelt, «trygt» og kjedeleg. Skal du pynta deg, så er det jakke/skjorte/bukse/slips som gjeld, enten det er kjøpt separat eller saman som dress. Av og til høyrer det ein vest til. Kva du enn kallar det, så er det ikkje dei heilt store forskjellane mellom jakkane, og slett ikkje buksene. Du må ty til smoking om du vil skilja deg litt ut, eller i sjeldne tilfelle, ein skjøtemanikk.

Ikkje misforstå meg, det kan sjå fint og stilig ut alt dette, men… Når alle menn går så og seie i det same og ser like ut, gi og ta ein pondus, så blir resultatet veldig kjedeleg og lite inspirerande. Heilt på sin plass nokre gongar, ei liding andre gongar.

Går me vekk i frå det stivpynta og ser på det som er litt meir ledig, og fritida, så er situasjonen mykje betre. Eller? Rett nok finn me ein god del fleire fargar og mønster/trykk på plagga, men ser me vekk i frå det, så er ikkje variasjonen så alt for stor likevel? Skjorter er skjorter, kor tjukke plagga er og kva stoff dei er laga av har litt å seia, halsopningar varierer litt, men ikkje så mykje. Her er det om å gjera å ikkje visa for mykje hud. Vel – det med å ikkje visa for mykje hud gjeld no meir enn berre halsen og området rundt den. Armane går greit å visa, men beina? Kortbuksene er ikkje korte no lengre, men likevel er dei visst uanstendig korte i enkelte situasjonar. Menn må ikkje rekna med at dei har lov å visa leggene sine, sjølv om det er sommar og sol. Det er vel gjerne fordi det ikkje er fint nok i dei situasjonane, og om menn skal vera fine – vel, sjå opp eit par avsnitt.

Når det gjeld sko så er vel situasjonen enno tydlegare: Nokre få typar i nokre få fargar, gjerne klumpete og lite elegante. Sandalar har luftehol, slik at lufta slepp fint til, men ikkje så mykje sol. Det er vel det med å visa for mykje hud som spelar inn igjen?

Det viser seg igjen i butikkane dette. Er butikken delt i kvinne- og herreavdeling, er sistnemnde klart minst. Minst utvalg tek minst plass. Men det er berre éin del av historien. Ta to like store butikkar, ein som sel herreklede, og ein som sel dameklede. Sistnemnde har likevel bra større utvalg. Kvifor? I herrebutikken ser du mange eksemplar av eit fåtal typar plagg, i damebutikken ser du mange ulike typar plagg, og heller færre eksemplar av kvart. Med andre ord: Menn skal kle seg likt (det er kjedeleg det) og kvinner skal kunne variere masse (det er ikkje kjedeleg.)

Har eg overdrive her? Eg er sikker på at det er mange menn som er såre nøgd med situasjonen slik han er, og det er greit nok det – for dei. Andre igjen er ikkje heilt nøgde, og leitar opp dei butikkane som tilbyr litt meir variasjon – men likevel på den trygge sida. Godt for dei, og hyggeleg at dei har eit valg dei er nøgde med.

Men altså, det er ein del som gjer eit opprør mot det etablerte moteregimet. Menn som ikkje vil bli tvungne inn i noko dei ikkje trivest med. Menn som tek i bruk sjokkerande metodar for å få uttrykka seg i klesvegen som dei sjølve vil. Rettnok, ikkje meir sjokkerande enn at kvinner har gjort det same dei siste 50 åra eller så. Dette er altså menn som bryt reglar for korleis herremoten skal vera. Sjølv om det ikkje passar alle, så er det vel greit at desse skal få velja å bruka det dei vil, slik som andre kan?

Akkurat det med den valgfridomen er ikkje like lett for alle, som med jamne mellomrom seier at ting dei ikkje likar sjølve (skjørt for menn, kremar/hudpleie for menn, metroseksuelle menn, etc) berre var eit moteblaff som no er over. Dei som stadig held på med slikt har ikkje forstått noko. Synd då, at marknaden for dei som ikkje har forstått noko berre blir større og meir attraktiv? For menn med skjørt, med høge hælar, dinglande øyredobbar, og som likevel er trygge på seg sjølve som menn, det er stadig eitt eller anna som gjer folk nyfikne der. Ser ein litt lengre enn sin eigen nasetipp, vert dei ikkje færre, og nye designarar er inne og lagar klede for regelbrytarane. Som Marjan Pejoski og herrekolleksjonen hans. (PDF)

punk1.jpgpunk3.jpgpunk7.jpg

Eg for min del synest det er gøy og spennande å sjå slike ting som bryt med det konvensjonelle. Sjølv om det òg kan dukka opp ein del designer-raritetar – men slik er det jo for alle designarar. ;)

2 comments

2 Comments so far

  1. wander June 3rd, 2007 20:49

    Jeg tror kanskje at det er litt økonomi inne i bildet også, jeg… i de forskjellige butikkene, mener jeg.

    Klesforretninger selger det som selger, det de kan tjene penger på. Og jeg tror ikke klesforretninger selger nok på spesielle herreklær.

    Og det gjelder kvinneklær også det. F.eks størrelser: Jeg bruker store str, og store størrelser er kjedelige klær. Har vært både på Lindex og H&M og Kappahl.

    … jeg skjønner ikke hvorfor det ikke går an å lage til stilige og fine klær som vanlig str. klær, bare i store str…

  2. Monica June 3rd, 2007 21:12

    Joda, økonomi spelar jo ei rolle òg, det er klart. Pluss at butikkar ikkje alltid får lov til å ta inn det dei har lyst til å ta inn, men må ta til takke med pakkeløysingar. I alle fall gjeld det for butikkar i diverse skokjeder – der får dei så og så mange skopar i dei ulike storleikane. Butikkane opplever gjerne at dei sel meir av store storleikar enn det dei får inn, men dei kan ikkje ta inn meir av kun dei storleikane. Då må dei ta inn ein pakke med dei mindre storleikane òg, noko som ikkje freistar, for dei vert det sitjande att med…

    Når det gjeld herreklede, så leste eg for ein del år sida ein artikkel om kvifor ein ikkje ville produsere så mykje herreklede. Litt økonomi var det, men ein (god) del av denne økonomien skuldast politikken på feltet. Litt sjølvforskuldt, altså.

    Elles kan eg stilla meg bak det hjartesukket om manglande stilige klede i store storleikar, òg… (Du får kryssa fingrane og håpa det skjer noko, om fleire menn vil ha slikt som damene prøver å halda for seg sjølve :wink: )

Leave a reply

(Antispam - krav)