Det går opp og ned her i livet

Før helga så leverte eg inn DVD-brennaren min, av den enkle grunn at han ikkje fungerte særleg godt. Ein liten nedtur det – bra ny PC, og eg har i grunnen ein god del som skal brennast på DVD no etter kvart. Satsar på at eg får ein fungerande brennar tilbake.

Oppturen derimot fekk eg denne helga, då eg fekk meg ein flatskjerm til ein overkommeleg pris. Med overkommeleg meinar eg her gratis. Ein fin 15 tommar som skal få plass attmed CRT-skjermen min – eg skal greia å få plass til begge, og det skal bli gøy med to skjermar. I verste fall kan eg vri flatskjermen 90° slik at han tek mindre plass horisontalt. Rettnok må eg kjøpa meg ein overgang til pluggen, men det skal eg greia å stå i.

Vel, eg kom heim att i kveld, og fekk nok å gjera med ein gong eg slo på PC-en. Masse å lesa (ikkje ferdig med det, pÃ¥ langt n¨ær) og litt prat og hjelpe ei venninne. Berre hyggeleg det. Nedturen kom ikkje før eg gjekk inn på badet for andre gong, og oppdaga at cisterna på vassklosettet hadde slått seg vrang. Vatnet hadde ikkje fylt seg opp, fordi ting hadde låst seg. Eg greidde å få ting på plass manuelt etter å ha opna cisterna, men ting er stadig ikkje bra nedi der. Det må nok grundigare arbeid til for å få ting i orden. Det kallar eg ein nedtur.

Klart, eg kan ikkje berre leggja meg etter ein slik nedtur? Heldigvis er eg glad i musikk, så kvifor ikkje berre laste ned litt? (Har litt plass på harddisken enno, sjølv om eg ikkje har fått brent ut på DVD det eg skal…) Og når eg snakkar om å laste ned, så snakkar eg om å laste skikkeleg ned: (Release 1 [3.1G] – 739 MP3s). Release 1 tyder på at det er meir i vente seinare. Prøv sjølv, hjå SXSW – eg er godt nøgd med torrentane dei gav ut i fjor, og stolar på det blir mange timar med godlyd denne gongen òg. Uansett, dette kallar eg opptur! 😉