Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Eg må læra meg å lesa i TV-programma

I går – eller onsdag – såg eg at dei reklamerte for ein liten realityserie på TV2 Zebra. «Boys will be girls.» Den skulle eg ha med meg – eg hadde lest om serien på nettet tidlegare, og det var lovande omtalar. Tre gutar som skulle få fart på musikkarriera si igjen – som jenteband. Perfekt serie. :)

Joda, eg fekk med meg programmet, ingen problem der. Det eg er ein smule irritert på meg sjølv over er at eg ikkje fekk med meg starten av serien. Eg trudde nemleg at dette var første program, og at eg ville få med meg utplukkinga av kandidatane, og reaksjonane deira då dei fekk veta at dei skulle opptre som eit jenteband. Den gong ei. Dette var tredje episode, og altså godt i gong (det er seks episodar til saman.) Kjedeleg. Men eg skal i alle fall ha med meg resten av serien!

Berre eit lite hjartesukk frå meg.

No comments

No comments yet. Be the first.

Leave a reply

(Antispam - krav)