Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Menn: Kutt ned på klesbudsjettet!

dametruserDagbladet har ute ein artikkel om tollsatsane her i landet, kort og godt om kor komplisert det er, alt i hop. Og kanskje tullete, alt etter som. Uansett, det var overskrifta som fanga merksemda mi, og teksten gav jo berre enno meir oppmuntrande signal.

Kjære menn. Dersom de vil kutta litt ned på klesbudsjettet, gjer som transane og bruk truser, nattøy, singleter, slåbroker og nattskjorter for kvinner. Det blir altså lågare tollsats for det om de importerer. 😉

Eg berre greidde ikkje å halda slikt godt nytt for meg sjølv… Dessutan, dette kan jo vera ei nyttig påminning om eit tidlegare innlegg eg har. Kvifor skulle ikkje menn dra nytte av dette?

No comments

No comments yet. Be the first.

Leave a reply

(Antispam - krav)