Kjoleskap

Whirlpool, Bosch, Gram, og mange fleire – er dette firma som alle har oppdaga ein ny nisje å tena pengar i? Veldig spesialisert, men likevel stor nok til å rettferdiggjera investeringar?

Dersom eg skal stola på reklamen så stemmer vel det. Eg var nemleg inne i gmail og leste litt der, då eg la merke til reklamen på sida. Nederst i reklameblokka var det eit lite ord som skreik ut etter merksemd: “Hei, sjå her – dette er noko for deg.” Eg brukte den smarte funksjonen i Opera, sette zoom til 200% og såg etter ein gong til. Joda, det var ikkje til å ta feil av. Det vart reklamert for kjoleskap.

Det høyrest bra spennande ut, synest eg. Men – nøyaktig kva funksjon har desse kjoleskapa? Kva fordelar har dei i forhold til vanlege garderobeskap? Med tanke på at produsentane helst er kjente for kvitevarer, så er det kanskje ein kombinasjon av vaskemaskin og tørkeskap, eller?

Eg må innrømma eg er litt i villreie her no. Kva er eigentleg eit kjoleskap? Har de idéar vil eg vera takknemleg om de skriv om det i ein kommentar. 🙂