Det er ein ting mange lurar pÃ¥, men som ikkje er sÃ¥ lett Ã¥ gi svar pÃ¥: Kva er det som fÃ¥r ein transe til Ã¥ villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare Ã¥ forstÃ¥, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om Ã¥ endra pÃ¥ det. Kvifor er sÃ¥ denne trongen til Ã¥ kle seg som dame der?
Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.
Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, sÃ¥ vil grunnen «fordi eg er mann» ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det mÃ¥ altsÃ¥ heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?
Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt Ã¥ ordna pÃ¥, og det blir gjort. Du fÃ¥r kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar pÃ¥ at det gÃ¥r an?
Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg  nyfiken og interessert i svara.
Liknande innlegg:
Abonner på Mixteip RSS
Skriv ein kommentar