Tid for litt god, gammal disko her, med ny tekst til melodien Y.M.C.A.
Category: Musikkvideo
Harisu – Liar
Me tek turen austover att, til Korea og den transseksuelle artisten Harisu.
Hedwig and the Angry Inch — Angry Inch
Eg har tidlegare hatt “Wig In A Box” frå “Hedwig and the Angry Inch” her blant musikkvideoane, men om de lurar litt på denne sinte tommen så får de all informasjonen de treng her.
Sjølv trur eg eg må ta meg litt saman og sjå filmen no etter kvart…
The Cure – Charlotte Sometimes
Det kjennest ut som om det er veldig lenge sidan eg har oppdatert her no, i alle fall med ein musikkvideo. Litt manglande energi og tiltak til å setja meg ned og gjera noko med det, ser det ut til, så kanskje eg treng ein liten kur?
Her er i alle fall the Cure med Charlotte Sometimes.
Kvinner føretrekk feminine menn
Dårleg nytt for alle machomenn der ute: Ei undersøkjing viser at kvinner faktisk føretrekk feminine menn som partnerar. Så sant dei er ute etter eit langt forhold/ein å dela livet med. Feminine menn vert oppfatta som meir å stola på enn dei meir maskuline, nemleg.
Så, damer — er eg feminin nok, trur de? 😉
Video: Von Sudenfed — Fledermaus Can’t Get It
Kit Kat Dolls — Don’t Cha
I programserien Britains Got Talent opptro denne gruppa på ni. Dei kom visst ganske langt òg, etter det eg forstår, før dei vart kasta ut av programmet og mista sjansen til å opptre på Royal Variety Performance. Det spesielle med denne gruppa er… Vel, eg treng vel ikkje seia det, tenkjer eg. Litt artig når dei presenterer seg. 😉
The Who — I’m A Boy
Nokre som kjenner til The Who? Dei har hatt sitt å seia (eller syngja) om kjønn og det dei òg, i songen “I’m a Boy”. Eg har høyrt ein del på albumet med denne melodien, men på YouTube kan me jo finna litt av kvart. Denne gong, ein litt annan versjon enn den vanlege, frå fransk fjernsyn 31. desember 1968 i programmet “Surprise Partie”
Om de vil samanlikna, så sleng eg med den vanlege versjonen òg, med anime-video til (og litt “introduksjon”)
The Killers — Somebody Told Me
Vel, trengst det ein kur for såre øyre etter førre innlegg? Var det så grusomt at de trygla dei i nærleiken, “Drep meg”?
Eg kjem nok ikkje til å følgja opp ei slik oppfordring, skulle ho koma, men eg kan i det minste by på The Killers: Somebody Told Me.
Her trur eg eg trygt kan seia: Hygg deg med musikken.
Pink Floyd — Arnold Layne
Arnold Layne er den første singelen Pink Floyd gav ut etter å ha signert kontrakt med EMI. Tittelfiguren i denne er visstnok basert på ein ekte person, ein transvestitt som (slemt nok) stal dametøy frå klessnorene i Cambridge. Mødrene til Syd Barret og Roger Waters skal jamnleg fått mindre undertøy på denne måten…
Musikkvideoen/”reklamefilmen” dei laga inneheld ikkje ei einaste klessnor.
Faith No More – Easy
Enkelte lurar kanskje på korleis denne songen passar inn i tematikken eg har sagt eg vil ha med musikkvideoane. Ikkje er det noko transetema i teksten, ingen av bandmedlemene er (så vidt eg veit) transar — men det bør gå lett fram likevel av videoen sjølv kvifor han kjem med her. 😉