Sko-frustrasjonar

Alle har me eit forhold til sko, på eitt eller anna vis. Du kan vera likegyldig, kresen, sjå på det som eit naudsynt onde eller elska sko. Sko kan òg vera ei kjelde til frustrasjon.

Mitt forhold til sko er – variert. Eg likar slanke, elegante sko, gjerne litt eleverte i bakkant. Med litt hæl, altså. Ser eg på herresko så er det lett å finna sko som passar, men for min del synest eg flesteparten er breie og klumpete. At sko er breie for å gjera plass til breide føter er greit nok – men kvifor den dumme centimeteren med såle utanfor? Den er til stades på alt for mange sko.

Hælar på herresko finst det òg, men sjeldan høgare enn eit par centimeter. Eg fann eit par for ikkje så lenge sidan med rundt 5cm hæl, men det var eit par ting som drog ned inntrykket: Med sånn brei såle stikkande langt utanfor overlæret var han ikkje særleg elegant — og så såg han kjedeleg ut òg. Skal kanskje ikkje pirka for mykje på det siste punktet, for herresko er generelt kjedelege. Herresko kjøper ein fordi ein treng nokre sko, ikkje fordi ein vil variere litt.

Men er det så mykje betre på damesida då? For min del er det kanskje vel så mykje frustrasjonar der… Joda, det er masse fint, elegant og stilig, men damesko sluttar jo vanlegvis i storleiken 40-41, sjeldan over. Det er dumt, fordi eg brukar vanlegvis nr. 42, av og til må eg opp i 43. Ikkje uventa må eg difor sjå med lengsel på mange par sko eg skulle likt å hatt, men som ikkje finst i min storleik.

Slikt er frustrerande for meg, og fleire med meg. Snakkar eg med ekspeditørar i skobutikkane, så kan eg ana litt frustrasjon der òg – dei skulle gjerne hatt større storleikar inne, men er dei med i kjeder så må dei ta til takke med dei pakkane dei får tilsendt, og dei pakkane inneheld ikkje så mange store nok sko. Dette trass i at dei som arbeider i butikkane legg merke til at det er fleire og fleire kvinner med store føter, og som er ute etter elegante sko. Slike sko forsvinn gjerne fort, i nr. 42.

Dei skoa butikkane gjerne har igjen eller får i min storleik, er slikt som dei sjølve gjerne kallar “tantesko” eller “konesko” – låge, solide sko som skal tåla litt vekt, men kanskje litt gammaldagse i utsjånad? For eldre “koner” og “tanter”? Ikkje ein stil som først og fremst tiltalar meg.

Ã… bestilla via postordre er jo råd, frå butikkar som spesialiserer seg på store sko, eller som har større utvalg. Har kjøpt slik éin gong med godt hell, men eg er likevel litt skeptisk til å kjøpa slikt utan å prøva skoa først. Er ikkje alltid like lett å veta kva storleik eg faktisk må ha. Men alt er jo ikkje berre trist heller, då. Eg har fått meg litt sko etter kvart likevel, og flesteparten med litt høg hæl. Og apropos høge hælar:

Nemi: Høge hælar = Bambi on ice

Eg har alltid vore litt forundra over alle dei som seier dei aldri ville vore i stand til å gå i høge hælar – har aldri hatt problem med det eg. Ikkje ein gong aller første gongen eg prøvde. Kanskje det har noko å gjera med at eg greier å strekka ut foten ganske bra? Det skal jo vera viktig for ballettdansarar som vil halda balansen når dei står på tå.

5 thoughts on “Sko-frustrasjonar”

  1. Jeg har det motsatte problemet, bruker størrelse 33 og må enten finne meg i å gå med sko med mikke mus på eller bestille på nett! Og mener du virkelig at høye hæler ikke er noe problem? Med en gang jeg beveger meg utover 7 cm får jeg ganske raskt vondt, og jeg har danset mye tåspiss.

  2. Man skal ikke la seg skremme av dialekt, for om du allikevel skulle bo i Oslo så er det en relativt grei butikk med sko fra 41 og oppover på Grünerløkka, i gaten til høyre for biblioteket.. Og så er det jo mye fint på nettet, da..

  3. Høge hælar er ikkje noko særleg problem, nei. Har tilbrakt store delar av sommaren på 8 cm høge hælar utan å bli trøytt i beina. Yndlingsstøvlettane mine har 9 cm høg stiletthæl — men der kjenner eg det litt i hælen etter nokre timar. Og så har eg eit par sandalar med 11 cm høg hæl — går heilt fint å gå i dei òg, sjølv om eg byrjar å kjenne det ette 2-3 timar på dei.

    Balansen har eg uansett ingen problem med. 😉

    Oslo er nok ein smule langt vekke for ein liten tur ut på by’n etter sko, men det er mulig eg sjekkar nettet ut litt meir for ein handel eller ti seinare. Sjølv om eg ikkje får prøvd skoa før bestilling.

  4. Det er ikke balansen eller høyden som er problemet mitt med sko med høye hæler. Mitt problem er heller at foten blir trykt sammen i framkant – og det gjør vondt… Jeg skjønner ikke at det er noe godt å gå sånn, jeg…

    Kanskje jeg ikke begynte å øve tidlig nok med å klemme sammen foten foran?

    Men, jeg syns det er stilig og pent med høyhælede sko…

  5. Pingback: Hamskifte

Comments are closed.