Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Ingen kommentar

Kort og godt fordi eg manglar ord. Andre er kanskje meir veltalande?
Alt eg kan seia er at eg ikkje greidde å la vera å sjå og høyra til det var ferdig…

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

1 comment

Dersom gutungen din…

Born er born, og dei er jo frie til å leika med det dei vil no for tida. dei er ikkje opphengde i gamle kjønnsroller, om kva som er lov eller ikkje. Jenter er frie til å klatra i tre, leika med bilar og dinosaurar og kle seg ut som cowboyar og kva dei no vil, mens gutane finn me like gjerne blant kjøkkenleikene som med traktorar, leika med dokker og kle seg ut som prinsesser, og… eh, vent no litt…

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

At Barbara Walters kan tenkja på transgender born er logisk nok, og viktig nok å hugsa på, men bortsett frå det – er det lett å gløyma at leik gjerne berre er leik, og la ungar få lov til å leika med det dei vil? Eller er det noko dei ikkje får lov til, fordi dei har feil kjønn? Nokre er det jo tydlegvis, men er det mange foreldre med ein viss angst for at guten deira ikkje vil vera gut nok? Og kanskje at jenta ikkje er jente nok?

No comments

Kate Nash

Kate Nash er ei jente som enkelte kanskje har høyrt om. Ho spelar musikk. Har gitt ut CD òg, Made Of Bricks, og jo meir eg høyrer på ho, jo meir får eg sansen for ho. Rett nok har eg ikkje høyrt så mykje av ho når eg skriv dette, men men.

Eg for min del høyrde om Kate Nash først i går, og det var ikkje på grunn av musikken. Det var på grunn av andre ting ho likar. Ho har nemleg lyst til å skriva bøker for born, med Roald Dahl som førebilete, i følgje ein artikkel i Daily Record. Ho held på med ein historie no for tida. Han er for born, men temaet er kanskje ikkje heilt vanleg for ei barnebok. Kankskje ikkje så vanleg uansett målgruppe, for den del. Det er om ein 12 år gammal gut som møter ein 2.10 m høg transvestitt, Roy. Roy inviterer gutten med seg til ein stad kalla Terommet, der det er ei hemmeleg foreining. Konseptet der er at du blir det du måtte drøyma om.

Sånn grovt oppsummert. Kunne vore interessant å lesa den historien. når han vert ferdig. ;)

I mellomtida, her er ein frisk melodi med ho, Merry Happy.

No comments

Tyggis gjer puppene større!

Vel – i alle fall éin type tyggis.

Om me skal tru reklamen…
(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

No comments

I feel like a woman

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

No comments

Dana International – Diva

No er det visst ei stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her i bloggen. Det kjennest i alle fall slik ut for meg. Dette skuldst ikkje divanykker frå meg, men eg kan jo få presentere Diva likevel, i to versjonar.

Første versjonen av melodien Diva med Dana International er på morsmålet hennar, hebraisk, i klassisk utføring. Dvs, nokså likt slikt det vart framført i Melodi Grand Prix i si tid. Andre versjonen er ein dance-versjon.

Hebraisk:

Dance:

No comments

Diskofil – Da Johnny Ble’ til Conni

Tid for litt god, gammal disko her, med ny tekst til melodien Y.M.C.A.

No comments

Harisu – Liar

Me tek turen austover att, til Korea og artisten Harisu.

No comments

Photoshop, Painter – gå heim og vogg!

Photoshop har jo vore sett på som det beste programmet for grafikk og fotomanipulering, og Painter har fått ord på seg som det beste til å simulere ekte media som oljemaling, akvarell, blyant osv. Vel – tid for å skjerpa seg, for her er konkurranse frå eit velkjent programvarefirma. Eg let videoen tala for seg sjølv:

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

2 comments

Hedwig and the Angry Inch – Angry Inch

Eg har tidlegare hatt «Wig In A Box» frå «Hedwig and the Angry Inch» her blant musikkvideoane, men om de lurar litt på denne sinte tommen så får de all informasjonen de treng her.

Sjølv trur eg eg må ta meg litt saman og sjå filmen no etter kvart…

No comments

« Previous PageNext Page »