Ein eller annan stad har eg ei bok eg har lest, der hovudpersonen hamnar i ei verd der ting vert betre jo meir dei vert brukt. Diverre kjem eg ikkje på kva for ei bok det er, men eg trur forfattaren er L. Sprague de Camp. Uansett, av og til kunne det vore greitt å hatt det på same måten her.
Eg har hatt eit par svarte, høge støvlettar i lang tid. Høgt skaft, og greie hælar. Dei har vore gode på og halde bra, noko som berre har vore positivt, då det ikkje alltid er så lett å finna fine støvlettar i min storleik. Diverre er det jo slik i denne verda at ting vert meir slitne dess meir dei vert brukt. Ein ting er at støvlettar kan sålast om etter kvart som sålen vert slite ned, men her om dagen oppdaga eg at eg kunne sjå kva farge neglelakken på stortåneglene mine hadde, utan å ta av meg på beina. Då var det på tide å få meg nytt fottøy, fann eg ut.
Det var ikkje det beste tidspunktet Ã¥ bli utan støvlettar pÃ¥ dette, sidan det har gÃ¥tt ut ein del tusen meir enn venta, og ein del tusen til skal snart gÃ¥ same vegen (dvs vekk frÃ¥ meg) sÃ¥ bankkontoen er ikkje særleg velfylt. Men – eg mÃ¥ ha godt fottøy i det vêret me har no, sÃ¥ det var berre Ã¥ gi seg ut pÃ¥ ein liten runde i butikkane.
Eg var faktisk litt heldig: Den første butikken eg stakk innom var den eg hadde minst tiltru til, då dei svært sjeldan har noko i min storleik, men jammen santen hadde dei ikkje eitt par boots der. I min storleik. Dei var på salg òg, så eg kom svært rimeleg ut av dette. Kun ein hundrelapp fattigare, men til gjengjeld eit par boots rikare. Eg tok dei på meg i butikken og let personalet der kasta dei gamle støvlettane mine.
Greit nok, det var ikkje akkurat denne typen eg hadde sett for meg då eg gjekk ut, men til den prisen skal eg ikkje klaga. Då kan eg faktisk ha råd til eit par til ein gong seinare då, om eg skulle komma over noko fint. 
Liknande innlegg:
Eg har for ikkje sÃ¥ alt for lenge sidan skrive om skofrustrasjonar. Dagens tema er ikkje sÃ¥ mykje om frustrasjonar – vanlegvis. Det handlar nemleg om sÃ¥lar, og dei vert som kjent slitte etter kvart som skorna og støvlettane vert brukte. Heilt normalt, og skomakaren fÃ¥r besøk no og dÃ¥ for Ã¥ halda fottøyet ved like. NÃ¥r hælane pÃ¥ fottøyet vert mindre blir tyngda konsentrert pÃ¥ eit mindre punkt (elementær fysikk) og slitasjen vert større. NÃ¥r det er snakk om stiletthælar, sÃ¥ mÃ¥ nesten den vesle sÃ¥len bli sett pÃ¥ som forbruksvare.
Dog.
Forbruket kan kanskje bli i største laget, av og til? Når det varer i to veker før skomakaren får besøk igjen, då er det litt frustrerande, og for min del på tide å sjå etter måtar å skjera ned. Kanskje ein ståltipp kunne vera tingen, i staden for vanleg gummisåle? (Eller kva dei no er laga av.) Metallet skulle i alle fall vera meir slitesterkt.
Joda, skomakaren kunne gjerne gjera det han, og det vart ikkje noko dyrare, men – ei lita Ã¥tvaring ville han no gje meg: Støvlettane ville bli glattare Ã¥ gÃ¥ pÃ¥, særleg pÃ¥ fliser, og det ville vera lettare Ã¥ gli og detta. Fleire hadde erfart det. Hmmm. Eg brukte litt tid pÃ¥ Ã¥ tenka meg om, men bestemte meg for uansett Ã¥ ta sjansen. Eg leverte dei inn torsdagen, og henta dei att etter arbeid pÃ¥ fredag. Skomakaren rÃ¥dde meg til Ã¥ bruka sÃ¥nne ekstra hetter pÃ¥ hælane (normalt for Ã¥ verna golva mot merke) slik at dei ikkje skulle vera sÃ¥ glatte, og sÃ¥ ville dei jo òg dempa lyden. slik at det ikkje vart sÃ¥ høge smell nÃ¥r eg gjekk. Dessutan var det jo litt ekstra slitestyrke i dei, òg. Joda, det var greitt for meg, eg tok gjerne eit par slike òg.
Eg gjekk heim og sette frå meg alt eg bar på, skreiv ferdig eit brev og la ved i ein pakke eg skulle posta, og fór ut att. Denne gong med nysåla støvlettar på beina, og musikk på øyrene.
Eg hadde ikkje gÃ¥tt meir enn 2-3 minutt før eg la merke ein godt høyrbar, klakkande lyd i takt med venstrefoten min. Det var slik at eg mÃ¥tte kikka ned for Ã¥ sjÃ¥ at hetta satt pÃ¥ plass pÃ¥ hælen – og det gjorde ho. Vel, eg berre trakk mentalt pÃ¥ skuldrane og fortsette Ã¥ gÃ¥, og muren eg gjekk attmed gav bra med gjenlyd. Spaserturen gjekk roleg vidare til posten, og eg la merke til at begge hælane var like høglydte, og begge hettene var pÃ¥. Og likevel var dei ikkje meir stille? Jaja.
Posten fekk sitt, eg stakk innom Popin og bytta ut ein 100-lapp med eit par gensrar og ein topp før eg vende nasa heimover att. Hælane heldt lojalt ut og let meg ikkje gløyma at dei var der, sÃ¥ dÃ¥ eg kom inn heime, tok eg av meg støvlettane og sÃ¥g etter korleis hettene tok seg ut. Og joda, sÃ¥len pÃ¥ hettene var fin den, og nesten ikkje sleten i det heile. Problemet var i baksida av hetta: MetallsÃ¥len pÃ¥ hælane hadde gnage seg hol der og teke turen ut i friluft. Klart dÃ¥ at det var lett Ã¥ høyra nÃ¥r eg gjekk – eg gjekk jo rett pÃ¥ metalltuppane.
Men – det var jo det eg ville ha. Dei tuppane vil nok halda ei god stund til, i motsetnad til hettene, for dei gjekk an fort. MÃ¥ vel nesten vera rekord? 
Liknande innlegg: