Det vil kankje vera vanskeleg å nyta varme dagar der ein sarong vil vera rette plagget her i landet no, men kanskje det er ein del menn og kvinner som reiser til varmare strøk for å få oppleva sommar i år òg? I så fall kan det kanskje vera nyttig å læra seg ulike teknikkar for å knyta ein sarong.
Ein del menn er kanskje skeptiske til dette, av di dei ikkje kan tenkja seg å gå i skjørt. Evt. blir nekta å gå i skjørt. Frykt ikkje - ein sarong er meir allsidig enn de kanskje trur. Sjå berre videoen. Første 2 tredjedelar viser korleis kvinner kan knyta og bera ein sarong, siste tredjedel er via mannen.
Liknande innlegg:
Neida, det er ikkje om Ã¥ ha sex pÃ¥ hjernen, men kor vidt ein tenderar mot Ã¥ ha ein mannleg eller kvinneleg hjerne. Tidlegare i dag sÃ¥ kom eg nemleg over ein test hjÃ¥ BBC – brain sex test – der du kan testa korleis du er opp mot mÃ¥lingar av korleis menn og kvinner statistisk sett gjer det pÃ¥ testen.
Korleis eg personleg gjer det pÃ¥ denne testen fÃ¥r eg sjekka nærare i detalj nÃ¥r eg er meir opplagt, men eg hellar til ein maskulin hjerne. Ikkje sÃ¥ rart, kanskje? No ser eg at eg ikkje er den einaste som har teke denne testen – Mihoe har ei god posting om den same, med nokre tankar rundt det. Eg mÃ¥tte smila litt dÃ¥ eg leste følgjande:
Rent personlig er jeg umåtelig interessert i å finne ut om jeg har en hjerne som stemmer overens med min tilbøyelighet til å gå i skjørt, det hadde jo vært litt pinlig om jeg fant ut at jeg hadde en undertrykt mannehjerne liksom. Resultatet var, i forhold til skjørtbæring, delvis tilfredsstillende.
Vel – min mannehjerne er ikkje noko hinder for meg og mine preferansar for skjørt…
(Men no er det no fleire menn på imff.net og Skirt Cafe som ikkje ser på skjørt som eit utprega kvinneplagg heller, då.)
Om testen seier noko meir enn kva du er god og mindre god i, og korleis du ligg i forhold til korleis menn og kvinner statistisk gjer det, det spørst – men ikkje la det vera noko hinder. Fram med mÃ¥lebandet for Ã¥ mÃ¥la litt pÃ¥ anatomien, og ta testen sjølve. Kan vera litt moro, om ikkje anna.
Liknande innlegg:
Eg vart teken for Ã¥ vera ei dame. Det er smigrande nok det, men…
For Ã¥ ta situasjonen frÃ¥ byrjinga: Eg kom til busstoppen, bærande pÃ¥ ei lang pakke frÃ¥ IKEA. Eg har lakkerte negler pÃ¥ tær og fingrar, høghælte sandalar, skjørt og genser. Ingen pupper, men til gjengjeld har eg ein del skjeggstubbar - slikt som ein fÃ¥r nÃ¥r ein ikkje barberer seg ein dag. PÃ¥ busstoppen stod det ei (søt) dame frÃ¥ før, og me byrja no Ã¥ snakka litt. Litt uti samtalen spør ho, pÃ¥ litt gebrokkent norsk, om eg er norsk. Og jo, eg mÃ¥tte no innrømma det. Deretter peikar ho pÃ¥ magen min, og lurar pÃ¥ om eg er gravid…
No kunne eg jo ikkje anna enn Ã¥ ta det med godt humør dÃ¥ - eg fÃ¥r heller sjÃ¥ om eg greier Ã¥ ta det som ein ekstra, liten spore for Ã¥ slanka meg litt. Sjølv om eg ikkje er sÃ¥ tjukk, i følgje andre… (Er berre litt tynn elles, utanom pondusen.)
Men eg har tenkt litt i ettertid, pÃ¥ korleis ho har tenkt; «Norske menn gÃ¥r ikkje i skjørt, vedkommande er norsk, ergo mÃ¥ det vera dame» - kanskje? Rettnok kan eg med todagarsskjegg sjÃ¥ ei dame i spegelen sjølv, men at andre skulle gjera det? Uansett, bussen hennar kom dÃ¥, sÃ¥ vÃ¥r tid saman var over. Det siste ho sa var rett nok «Snakkest» - men eg har ikkje sett ho seinare, sÃ¥ sjølv om eg gjerne skulle ha snakka meir med ho sÃ¥ har ikkje det skjedd.
Liknande innlegg:
Historien om korleis eit skjørt kan få folk til å oppføra seg langt utanom det normale.
Dette hende for ei god stund sidan, på ein tysdag. Eg berre nemner det i tilfelle nokon faktisk er interessert i den vesle biten av informasjonen. Nemnde tysdag hadde eg eit ærend i byen, og mens eg gjekk i gatene tok eg igjen ei gruppe menn og kvinner i tjueåra. Utlendingar.
DÃ¥ eg kom opp pÃ¥ sida av dei, kasta ei av jentene eit blikk pÃ¥ meg og deretter skjørtet mitt, før ho fortsette som normalt. I eit sekund eller sÃ¥. Deretter snudde ho seg mot meg, verkeleg sÃ¥g pÃ¥ skjørtet, stoppa opp og hylte av glede (eller noko) som igjen førte til at resten av gjengen stoppa og snudde seg. Vel – eg gjekk ut i frÃ¥ at ho likte skjørtet (eg gjer det, det er difor eg kjøpte det) men det sÃ¥g ut til at det var meir enn berre det;¹ ho gestikulerte mot meg for Ã¥ fÃ¥ meg til Ã¥ stoppa og rota febrilsk gjennom veska si. Til slutt fiska ho opp eit kamera. Ho snakka litt med dei andre og fekk ein av dei til Ã¥ ta eit bilete, medan ho og dei andre stilte seg opp rundt meg. Ho tok òg tak i skjørtet mitt og drog litt i det, slik at detaljane var meir synlege. (Og fekk meg til Ã¥ visa meir av beina i same slengen.)
Resten av dei kunne ikkje vera verre så klart, så det vart teke mange bilete. Ikkje at eg hadde noko i mot det, eg berre hygga meg eg, uansett kor rart det måtte synast å vera. Til slutt så var ikkje jenta som starta det heile heilt nøgd, dog. Ho ville ha eit bilete av kun oss to. Poserande på ein spesiell måte, fann eg ut. Ho fekk meg til å halda posen eg bar på i andre handa, opna glidelåsen i jakka si, tok tak i den no tomme høgrehanda mi og plasserte ho på barmen hennar. Eller puppene, om du vil. På dette punktet kunne eg ikkje anna enn å le høgt, men ho fekk biletet sitt.
Etterpå skildest me og gjekk kvar vår veg. Dei smilande og lukkelege, pratande på eit språk eg aldri forstod eit ord av, og eg gjekk og smålo for meg sjølv, og vinka farvel. Og eg hadde lært ein ting til den dagen: Folk er sprø.
¹) Det kan jo hende at det at eg var mann, og framstod som det, hadde meir Ã¥ seia enn detaljane i skjørtet…
Liknande innlegg: