{22. October, 2006}   Statistikk-junkie?

piechartEg innrømmer gladeleg at eg er glad i statistikk. Ikkje som fag innan matematikken – der fekk eg aldri den heilt store inspirasjonen – men nÃ¥r det gjeld oversikt over besøkande sÃ¥ er eg lett fascinert, det er ein del spennande informasjon til tider. Kanskje vart eg òg litt lettare hysterisk dÃ¥ eg kort tid etter Ã¥ ha starta denne bloggen her oppdaga at det vart konflikt mellom mÃ¥ten WordPress lagar fine, permanente lenker og Ã¥ sjÃ¥ statistikken over nettstaden min. Men det løyste seg heldigvis.

Men er det nok å sjå statistikken slik då? Det finst jo litt ulike plugins til WordPress for å visa statistikk, og ein eg likar svært godt der er wp-shortstat. Masse gøyal informasjon tilgjengeleg med eit museklikk eller to, inkludert kva folk hadde søkt etter på dei ulike søkemotorane for å finna meg. Vel, kanskje ikkje spesifikt for å finna meg, men eg dukkar no opp i enkelte søk. Det var berre eitt lite problem: Sjølv om Google er mykje brukt, så finst det jo norske søkemotorar òg, og desse er ikkje med i pluginscriptet. Det medfører at søkeorda frå desse ikkje vert registrert.

Ooops!

No er det vel slik at problem er til for Ã¥ overvinnast? I alle tilfelle kikka eg nærare pÃ¥ kjeldekoden for Ã¥ sjÃ¥ om eg fann ut noko, og det gjorde eg i grunnen. Dei ulike søkemotorane var lista opp saman med kva parameter som vart brukt for Ã¥ identifisere søkeorda. Eg fylte inn dei norske søkemotorane eg fann med same format som dei som stod der frÃ¥ før og testa – og det verka. Ikkje berre vart nye besøkande registrert korrekt, men det vart dei gamle òg. Joohoo!

Det mest tidkrevande i heile operasjonen var i grunnen å sjekka kva dei ulike norske søkemotorane brukte som parameter, men om nokre skulle vera interessert i plugin-en utan å ville gjera det same arbeidet, så la eg ut fila hjå meg eg: wp-shortstat med norske søkemotorar.

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    November 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
     12
    3456789
    10111213141516
    17181920212223
    24252627282930
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kor mange kjønn finst det?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster