{25. October, 2006}   Nuppefjerning og uheldige konsekvensar?

Eg kjøpte meg ein nuppefjernar på måndag. Grunnen til det kunne eg finna i sengetøyet.

Det har seg namleg slik at eg har eit sengesett i sateng, «silk look» eller kva det no heiter. Fint og glatt er det i alle fall, og ganske behageleg å liggja i. Slik var det før investeringa i ein nuppefjernar òg, med unntak av heilt nede med beina – der var det så mange nupper at stoffet var ganske ru, og slett ikkje behageleg. Ikkje akkurat som sandpapir, men eg tok meg i å kjenna etter om huda mi var fin eller ikkje, kvar gong eg brukte det settet.

Denne gongen var det nok, eg var lei nuppene. Måndag kveld sette eg i gong med opprenskinga, og nuppefjernaren fekk skikkeleg kjørt seg. Då eg var ferdig, var nuppene vekke, og sengetøyet var glatt og fint igjen. Ved sengetid kunne eg knapt tru mine eigne bein – før og etter nuppefjerning var som natt og dag; no var det inga ekkel skrapekjensle lengre når eg rørde beina. Ah, det ville bli ei god natt.

Dei uheldige konsekvensane? Vel, eg sov ein halvtime lengre enn eg burde i går. Er det ein samanheng? I så fall har eg ikkje vant meg til å sova så godt glatt og behageleg enno, for jammen santen sov eg ikkje ein halvtime lengre enn eg burde i dag òg. Muleg det kan ha noko å gjera med leggjet… Nei – det er nok nuppefjerninga som gjer det!

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    December 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kjenner du ein transe?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster