{3. May, 2008}   Gutar meir status enn jenter?

Ein ting eg la merke til i intervjuet Klassekampen hadde med Petter Schjerven om bokstavkjeks og – tilsynelatande – ulike kjekspakkar for dei to kjønna, er noko han sa heilt mot slutten: «Rosa er ene og alene forbeholdt jenter. I et program vi gjorde nylig, var vi på en fødestue, og der kunne vi se hvordan det var helt krise hvis det ikke fantes lyseblå tepper som man kunne tulle inn guttebarna i. Det samme gjaldt ikke motsatt vei. Det er helt ok å tulle ei jente inn i blått. Hvis vi forholder oss til det arkaiske statussystemet mellom kjønnene, betyr det jo at man klatrer oppover i hierarkiet hvis man kler ei jente i blått.»

Er det me ser her eit teikn på at det er meir status med gutar enn jenter? Og er dette i så fall noko som held seg livet ut?

Girls can wear jeans and cut their hair short, wear shirts and boots, because it’s OK to be a boy, but for a boy to look like a girl is degrading, because you think that being a girl is degrading. But secretly you’d love to know what it’s like, wouldn’t you? What it feels like for a girl?
– Julie, The Cement Garden

Livet ut ja, for angsten for det feminine til gutar sluttar ikkje med babyteppe, medan det ikkje er problem med at jenter er guttete. (Vel, kanskje ikkje alltid, men vanlegvis.) Gutar skal gjerne ha litt tøffe klede, og i alle fall ikkje søte klede som ei jente kunne gå med. Jenter kan gjerne få søte klede, men om dei heller vil ha tøffe klede så er ikkje det noko problem.

Når det gjeld oppførsel, så skal gutane vera litt tøffe og viltre. Dei kan nok få vera rolege, men dei må i alle fall ikkje halda på med slike ting som det vanlegvis er kun jentene som gjer. Omvendt, så reknar ein helst med at jentene skal vera rolege, men om dei skulle finna på å vera tøffe og viltre som gutane, så er det i grunnen heilt OK. Ordet gutejente har helst ein positiv klang, mens jentegut – i den grad det vert brukt – helst blir brukt negativt. På engelsk finst jo ikkje noko tilsvarande tomboy for gutar i det heile, det seier vel sitt. (Rett nok vart ordet tomboy opprinneleg brukt om viltre gutar, og ikkje jenter, men det har endra seg etter kvart som meir er blitt akseptabelt for jenter, og ikkje gutar.)

Men så veks ein opp, blir vaksne og… Menn er stadig livredde for alt som kan gje inntrykk av at dei ikkje er 100% mann, macho og maskulin. Sånn typisk Pondus, som ikkje ein gong vil bruka fuktighetskrev for å ta vare på huda. Heldigvis er ikkje alle slik då, men sjølv kjenner eg til ein som ikkje vil bruka gensrar med trykk. Både han og familien hans er av den oppfattinga at det er feminint, om det er aldri så mykje kjøpt i herrebutikkar. Men det er kanskje eit ekstremt tilfelle det òg.

Andre er modige nok til å bruka ein kilt av eitt eller anna slag, sjølv om dei ikkje kan skulda på å vera skottar, eller ha røter til Skotland. Rett nok er ein kilt eit heller maskulint plagg, men likevel er det mange (av begge kjønn) som berre ser eit skjørt, og som følgeleg gir grunn til å le av det. Det er jo degraderande. Og kva så med metroseksuelle menn? Med skjørt som ikkje er kilt, sarongar, til og med makeup – det må då vera akseptert no? Vel, når eg ser det omtalt, så ser eg svært ofte òg negative haldningar til det, enno.

Uansett, det er mykje ein mann ikkje kan kle seg i om det ikkje skal verka degraderande, om han ikkje vil bli ledd av. Annaleis er det for kvinnene. Éin ting er at dei kan gå rett inn i herreavdelinga og finna klede til seg sjølve, og det blir sett på som fint og sexy, men dei kan òg ta for seg herrekleda og endra litt på snittet, sånn at det passar den kvinnelege figuren betre. Dressen er vel eit godt eksempel på det, og kva vert det kalla når kvinner ifører seg ein dress? Powerdressing. Dei kler seg som menn, til makt, oppover rangstigen. Eller oppgraderande, om du vil. Det er lov.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{3. February, 2008}   Dersom gutungen din…

Born er born, og dei er jo frie til å leika med det dei vil no for tida. dei er ikkje opphengde i gamle kjønnsroller, om kva som er lov eller ikkje. Jenter er frie til å klatra i tre, leika med bilar og dinosaurar og kle seg ut som cowboyar og kva dei no vil, mens gutane finn me like gjerne blant kjøkkenleikene som med traktorar, leika med dokker og kle seg ut som prinsesser, og… eh, vent no litt…

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

At Barbara Walters kan tenkja på transgender born er logisk nok, og viktig nok å hugsa på, men bortsett frå det – er det lett å gløyma at leik gjerne berre er leik, og la ungar få lov til å leika med det dei vil? Eller er det noko dei ikkje får lov til, fordi dei har feil kjønn? Nokre er det jo tydlegvis, men er det mange foreldre med ein viss angst for at guten deira ikkje vil vera gut nok? Og kanskje at jenta ikkje er jente nok?

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{16. November, 2007}   Kjære foreldre (og andre)

Det er ein liten ting eg lurar på, etter å ha sett ein liten reportasje: Dersom avkommet har lyst å kle seg i det som nok kan seiast å vera utradisjonelle klede, fordi det er fine klede, er det heilt i orden, eller? Og vil haldninga dykkar eventuelt vera ulik dersom avkommet er gut eller jente?

Årsaka til at eg kom på dette no er ein svensk reportasje: Kasper vill ha klänning (film, ca 10 minutt) – ganske fin og tankefull. Funne på Skolfront - TV för pedagoger. Det er fleire program om emnet der.

Veldig relatert til dette er ein artikkel på Salon.com, «My son, the crossdresser», der haldningar og fordommar vert teke opp.

Og då er det altså eg lurar på kor vanlege slike foreldre og vaksne me ser her er. Vil de greia å vera like opne og aksepterande som dei me ser og les om her? Eller vil de vera meir skeptiske…? Enten det no er snakk om eigne born, framtidige born, tant’ungar eller andre.

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:


{30. October, 2007}   Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. Så kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg å operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk då helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklåre kjønnsorgan feilaktig har fått kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frå Monty Pythons Meningen med livet: «- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. - Er det ikkje litt tidleg å pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.» (Fritt etter minnet.)

Stem på Bloggrevyen om du synest dette innlegget fortener det.
Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    October 2008
    M T W T F S S
    « Jul    
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    2728293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva merkelapp set du på deg sjølv?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen