{12. December, 2006}   Triumph sin adventskalender

Ein av dei fine tradisjonane på nettet i adventstida, er dei ulike adventskalendrane rundt om på dei ulike nettstadane. Nokre med premiar, andre med gode tilbod, og atter andre med dei gode gamle «bilder under lukene» - berre spenninga med å sjå kva som skjuler seg under luka den dagen.

triumph-advent.jpgTriumph er ein av dei med premiar kvar dag. Naturleg nok er premiane BH-ar og anna dameundertøy/nattøy. Då skulle ein kanskje tru at Triumph helst tenker på kvinnene i denne konkurransen? Men slik er det ikkje. Eg tillet meg å leggja fram eit skjermbilete av registreringsskjemaet deira som prov. Der står nemleg valget mellom to titlar: «Hr» og «Frk» - med «Hr» som avmerka. Eit strategisk trekk for å dobla kundegruppa, kanskje?

Uansett, eg besøker kalenderen kvar dag eg, og håpar på å vinna. ;)

Liknande innlegg:



Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    December 2008
    M T W T F S S
    « Oct    
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Finst det gute- og jenteleiker?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster