Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Tyggis gjer puppene større!

Vel Рi alle fall ̩in type tyggis.

Om me skal tru reklamen…
[flash http://www.youtube.com/watch?v=yCEZeQRexqU]

Comments are off for this post

I feel like a woman

[flash http://www.youtube.com/watch?v=azMA5O_fX8Q]

Comments are off for this post

Leppestift farleg – for kvinner

Det er ein artikkel i AVIS2 som fortel oss om dei farlege sidene ved leppestiften. Brukar du leppestift på julabordet, kan du få kreft. Skræmande lesing, så klart, og det blir ikkje betre når me les vidare: Nyresvikt, impotens og fødselsproblem er òg problem. Alt dette på grunn av eit stoff i leppestiften, BBP. Det er heldigvis ulovleg i leppestiftar produsert i EU-land, men det er likevel funne i fleire undersøkjingar av den britiske kosmetikkmarknaden.

Det er jo alvorleg og lite hyggeleg dette, men likevel – noko eg la godt merke til, var vektleggjinga av at dette gjeld kvinner. No er det rett nok ikkje sÃ¥ mange menn som brukar leppestift, men kvifor dÃ¥ denne poengteringa av at det er kvinner som stÃ¥r i faresona av Ã¥ bli skada/sjuke av bruken? Det burde jo logisk følgja av det at det er kvinnene som brukar leppestift. Eller, er det andre grunnar til at kvinnene vert nemnd spesielt – er det forskjellar mellom menn og kvinner her, slik at det faktisk kun rammar kvinnene som brukar leppestift, og menn i tilsvarande situasjon er heilt utanfor fare?

No har jo menn allereie svært store problem med Ã¥ føda born, og bruk av leppestift vil neppe gjera det problemet større. Impotens blant menn og kvinner er ikkje heilt det same heller, men brystkreft og nyresvikt – eg trur neppe kroppane vÃ¥re er sÃ¥ ulike pÃ¥ dette feltet, at me reagerer sÃ¥ ulikt pÃ¥ same stoff, at det kun er kvinnene som stÃ¥r i faresona ved bruk av leppestiftar med dette stoffet i.

Diverre, kunne eg nesten sagt. Det kunne vore hyggeleg å berre vifta vekk slikt med at det ikkje gjeld menn, men det er nok berre forfattaren av artikkelen som ikkje har tenkt godt nok på formuleringane, slik at det ser ut som om det kun gjeld dei kvinnelege brukarane av leppestift.

Korriger meg gjerne om eg tek feil.

1 comment

Dana International — Diva

No er det visst ei stund sidan eg har hatt ein musikkvideo her i bloggen. Det kjennest i alle fall slik ut for meg. Dette skuldst ikkje divanykker frå meg, men eg kan jo få presentere Diva likevel, i to versjonar.

Første versjonen av melodien Diva med Dana International er på morsmålet hennar, hebraisk, i klassisk utføring. Dvs, nokså likt slikt det vart framført i Melodi Grand Prix i si tid. Andre versjonen er ein dance-versjon.

Hebraisk:

Dance:

Comments are off for this post

Fornying

Sony Ericsson K530iEg har i lengre tid no hatt lyst på ein ny mobiltelefon, ein litt meir moderne enn den gamle eg har. Sistnemnde har vore grei nok og gjort det han skulle, men i det siste har eg no og då fått beskjed om å slå av og på mobilen sidan SIM-kortet har forskyve seg, eller til og med slått seg av. Sjølv med godt batteri. Det vart jo litt irriterande etter kvart, og no i dag vart det for mykje.

SÃ¥ eg gjekk ut i regnet, vart vÃ¥t der eg gjekk rundt, og sÃ¥g pÃ¥ dei ulike mobiltelefonane og kva tilbod det var. Hamna til slutt pÃ¥ Lefdal og fekk ei grei orientering om aktuelle modellar i prisklassn eg kunne tenkja meg, og med greie funksjonar. Det var jo med og utan 3G, batterikapasitet, mp3 og minne, kamera… Kunne jo vera kjekt med litt minne òg, til bilete og mp3-melodiar. Konsentrerte meg etter kvart om 3 ulike modellar, men kun ein av dei hadde behagelege tastar. Kor mykje minne var det som følgde med den? Nei, den kom ikkje med ekstra minne, men han kunne leggja ved eitt pÃ¥ 1 GB, utan tillegg i prisen. Eit godt tilbod, syntest seljaren, og eg var einig. SÃ¥ det vart den, ein Sony Ericsson K530i. Og ein nøgd kunde, igjen. (Eg likar Ã¥ handla her, alltid hyggelege og hjelpsame folk.)

Sidan eg skal ha med meg det gamle nummeret og overføra abonnementet, så kan eg ikkje ta telefonen i bruk med éin gong, men det overlever eg. Men når eg er oppe og går med han, så er det to store fordelar samanlikna med min gamle T230 av same produsent:

Første fordel: Mykje meir avansert, sÃ¥ eg fÃ¥r tilgong til fleire gøye ting. Inkludert det Ã¥ bruka Opera Mini (den einaste nettlesaren som er brukande, i følgje seljaren. Sjølv om han sa Opera Mobile først – det er det han hadde pÃ¥ sin meir avanserte.) Kan vera greitt av og til Ã¥ ha tilgang til nettet nÃ¥r eg er ute.

Den andre fordelen har litt samanheng med den første: Med den nye mobilen kan eg nemleg vera med i fleire konkurransar – der premiane ofte har vore nye… mobiltelefonar… SÃ¥ spørst det dÃ¥, kor attraktivt det er Ã¥ vinna nye mobilar no. No er det jo ikkje noko eg treng, lengre. 😉

Uansett, eg gledar meg til å kunna ta han i bruk, og leika meg litt med han!

Comments are off for this post

Kjære foreldre (og andre)

Det er ein liten ting eg lurar på, etter å ha sett ein liten reportasje: Dersom avkommet har lyst å kle seg i det som nok kan seiast å vera utradisjonelle klede, fordi det er fine klede, er det heilt i orden, eller? Og vil haldninga dykkar eventuelt vera ulik dersom avkommet er gut eller jente?

Ã…rsaka til at eg kom pÃ¥ dette no er ein svensk reportasje: Kasper vill ha klänning (film, ca 10 minutt) – ganske fin og tankefull. Funne pÃ¥ Skolfront – TV för pedagoger. Det er fleire program om emnet der.

Veldig relatert til dette er ein artikkel pÃ¥ Salon.com, “My son, the crossdresser”, der haldningar og fordommar vert teke opp.

Og dÃ¥ er det altsÃ¥ eg lurar pÃ¥ kor vanlege slike foreldre og vaksne me ser her er. Vil de greia Ã¥ vera like opne og aksepterande som dei me ser og les om her? Eller vil de vera meir skeptiske…? Enten det no er snakk om eigne born, framtidige born, tant’ungar eller andre.

Comments are off for this post

Arbeidsoppgåve: Å lakkere neglene mine

Lakkerte neglerDet er i vitseteikningar og komediar me helst ser dei: Sekretærane som er meir opptekne av å fila og lakkere neglene sine enn av å ta i mot kundar og elles gjera arbeidet sitt.

No skal ikkje eg påstå at det er slik i det verkelege livet, trass i overskrifta eg brukar her. Eg er nemleg ikkje sekretær.

Eg skal heller ikkje ha det pÃ¥ meg at eg ikkje tek vare pÃ¥ kundane vÃ¥re, heller tvert om. Kunden eg no har i tankane har nemleg negledesign som sitt arbidsomrÃ¥de, og som grafisk designar var det opp til meg Ã¥ utforma ei brosjyre for dei. Bilete skulle takast, tekst skulle inn, og det vart i grunnen fint. Men… av dei neglelakkane eg hadde inne var det fire nye fargar – og korleis skulle desse framhevast?

No hadde allereie kunden kommentert at eg har fine negler, s̴ ̴ lakkere desse i dei nye fargane, det var ein god id̩. Det var rett nok min id̩, men eg kunne alts̴ s̴ absolutt gjera det, syntest kunden Рdet skulle bli bra.

SÃ¥ dÃ¥ var det berre til Ã¥ setja meg ned og lakkere neglene mine dÃ¥. Som de kan sjÃ¥ pÃ¥ biletet her, sÃ¥ tok eg den femte nagla pÃ¥ handa òg. Eg syntest tommelen fortente litt farge òg, sidan eg først var i gong, sÃ¥ dÃ¥ vart det fem ulike fargar pÃ¥ neglene. Alt for kunden, veit de. 😉

4 comments

Lamont: Golden Daze

Piratebay elskar LamontIkkje før har eg skrive om Saul Williams og albumet hans som kan lastast ned gratis, før eg ser at svenske Lamont gjer det same. I samarbeid med Pirate Bay, som sponsar dei. I kjent stil har Pirate Bay endra litt på logoen sin for å visa til denne hendinga, og om du klikka på han, kjem du til ei side der du kan lasta ned albumet, i mp3, ogg vorbis eller flac, samt musikkvideen til ein av melodiane. Og lenker til heimesidene til bandet så klart, og kor du kan kjøpa den fysiske CDen og meir til.

Lamont pÃ¥ si side er svært begeistra over all reklamen dei fÃ¥r pÃ¥ denne mÃ¥ten: Over 100.000 lasta ned albumet dei første 24 timane, og over 60.000 sÃ¥g videoen. Du kan lesa om det pÃ¥ sidene deira, men dei er litt trege for meg nett no…

Vel Рtreng eg seia meir, eller er de allereie av stad for ̴ sjekka ut dette?

[audio:01_golden_daze.mp3] Comments are off for this post

Niggy Tardust

OmslagsgrafikkEller full tittel: “The Inevitable Rise and Liberation of NiggyTardust!” Det er snakk om Saul Williams som no er ute med nytt album. Splitternytt – det kom i gÃ¥r, og eg var raskt ute og fekk tak i det sÃ¥ fort eg stod opp. Nedlasting, sÃ¥ klart, for Saul Williams ser ut til Ã¥ følgja med i tida. 😉

Akkurat det gjer han på ein måte som er betre enn slik Radiohead gjorde det, synest eg: Du kan lasta ned albumet gratis, om du vil, utan nokre dikkedarar. Du gir opp emailadressa, og lastar ned ei zip-fil med mp3-filene, i 192 kbps. Grei nok kvalitet det, men om du i tillegg er villig til å betala nokre dollar, så har du valget mellom mp3 i 192 og 320 kbps, og flac om du vil ha tapsfri komprimering.

Korleis høyrest det så ut? Vel, det kostar jo ikkje noko å finna ut, men ein liten smakebit kanskje? Akkurat det var det einaste eg sakna på nettsidene hans.

[audio:NiggyTardust.mp3] Comments are off for this post

Tvetydig kjønn

Eg kom over ein liten episode i det vanlege lesestoffet mitt i dag, der det vart sagt om ein nyfødd baby: There don’t seem to be any sex organs. Male or female. SÃ¥ kva gjer ein i slike tilfelle? Eg kan berre støtta meg til det eg har lese tidlegare her, og i følgje det var det tidlegare vanleg Ã¥ operere desse borna ganske tidleg. Dei fekk dÃ¥ helst kjønnskorrigerande operasjon kvinneleg kjønnsorgan, sidan dette var enklast.

Grunnen til å gjennomføra tidlege operasjonar var jo med tanka på borna sitt beste. Dei skulle få oppleva ein normal barndom, og ikkje vera ulike dei andre borna, med dei eventuelle negative følgjer dette kunne ha. Dessutan, teorien var at det var oppsedinga av borna som avgjorde om dei ville kjenna seg som gutar eller jenter i oppveksten. Dr. John Money hadde jo òg gjennomført eit inngrep på ein av to tvillinggutar som hadde fått øydelagt penis ved rutinemessig omskjering, og denne guten vart oppseda som jente. Det var faktisk ein suksesshistorie, som viste at det biologiske kjønnet ikkje spelte ei rolle. Borna sin kjønnsidentitet kunne formast.

Vel, det var slik i følgje dr. Money, i alle fall. Guttungen sjølv fann seg aldri til rette som jente – han kjende seg alltid annaleis. At han eigentleg var gut. Den historien fortalde ikkje dr. Money, sjølv lenge etter at det vart kjent. Diverre, for det har nok ført til at mange med uklÃ¥re kjønnsorgan feilaktig har fÃ¥tt kjønnskorrigerande operasjon til jenter, sidan det var dr. Money sin historie som var kjent innan legestanden.

I dag er det visst helst slik at ein ventar med operasjon, til det blir klart kva kjønn barnet identifiserer seg som. Og det gir nok det beste resultatet for alle til slutt.

Det minnar meg om eit sitat frÃ¥ Monty Pythons Meningen med livet: “- Vart det gut eller jente? spør den nybakte mora. – Er det ikkje litt tidleg Ã¥ pressa barnet inn i samfunnet sine forventningar til kjønnsroller enno? svarar legen.” (Fritt etter minnet.)

Comments are off for this post

« Previous PageNext Page »