Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Engler i fra helvete

Ein kortfilm om Roger og dobbeltlivet han lever. Øldrikkande sofagris blant venner, men åleine likar han å kle seg som dame. Ikkje alltid så lett å skjula, kanskje?

Litt flaks pÃ¥ slutten kanskje, der det ser ut til at enkelte interesser kan bli delte…?

Uansett Рdu kan stemme p̴ filmen til Amandus publikumspris 2008 fram til 13. mars.

Comments are off for this post

Stay Up-komikar

NÃ¥r ein stand-up-komikar er transe, dÃ¥ mÃ¥ det vel bli stay up-komikar? I alle fall nÃ¥r han er “dressed to kill”? Tittel er uansett ikkje noko problem for denne artisten – han er bÃ¥de profesjonell transvestitt, styrande transvestitt, og meir til. For de som kjenner litt til vedkommande, sÃ¥ veit de nok allereie kven eg tenkjer pÃ¥. For alle andre: Gled dykk.

Her presenterer eg del 1 av 12 ein smakebit av showet “Dress to Kill” i San Fransisco i 1998, med Eddie Izzard. Sjølv har eg kunna kosa meg med DVD-en i lengre tid, og det er vel verd tida:

Comments are off for this post

What’s up, doc?

For dei som har fått med seg litt Snurre Sprett, særleg i samspel med Elmer Midd, så er nok overskrifta eit kjent sitat. Skal me no få svaret på akkurat det spørsmålet?

Me kjenner jo til at Snurre ikkje er ukjend med å kle seg som dame, delvis for å sleppa unna forfølgjarar. Kanskje ein del har blitt litt misunnelege, og skulle likt å fått til eit like overbevisane resultat? Vel, med hjelp av Elmer så vil Snurre her gi ei rask innføring i koleis få ein perfekt figur:

HmmmOpne opp......og inn med padding.Voila!

Enkelt?

Men dette er jo ikkje alt som skjer – fleire figurar har lyst til Ã¥ bli med pÃ¥ moroa, sÃ¥ klart. Til dei som mÃ¥tte ha lyst til Ã¥ sjÃ¥ meir, av fleire ulike mannlege figurar som damer (eller hokjønn) sÃ¥ har artisten som kallar seg Bathgate eit heilt galleri pÃ¥ flickr med teiknefilmfigurar i nye og spennande roller. Vel verd eit besøk for Ã¥ fÃ¥ med seg teikningane.

2 comments

Eingongsføljetongen

Eit fortvila rop om hjelp.

Vel – kanskje ikkje fortvila, men… Uansett, det eg sÃ¥ gjerne vil veta, er meir informasjon om Eingongsføljetongen, ein liten komiserie som gjekk pÃ¥ NRK i hine hÃ¥rde dagar. Det vil seie, kort tid før fiaskoen “Herfra til Haglemoen” vart sendt pÃ¥ same kanal – hausten 1980. Eg meinar det var Monty Python-gjengen som stod bak denne, men eg kan ta feil her, men det var i svart/kvitt i alle fall. Hugsar berre éin episode: Ein person var fanga inne i eit gammalt (smuglar?)hus, og alle utgongar var sperra. Ingen mÃ¥te Ã¥ koma seg ut pÃ¥, om det ikkje var nokre skjulte panel og fluktruter dÃ¥. Han slo frustrert i veggen, og sjølvsagt opna det seg mange skulte panel, over alt i rommet. SÃ¥ hangreidde Ã¥ flykta.

NRK gav serien namnet “Eingongsføljetongen” (trur faktisk dei skreiv det pÃ¥ nynorsk) men kva var det originale namnet? Var det Monty Python-gjengen som stod bak, og er det rÃ¥d Ã¥ fÃ¥ tak i serien? Det er jo ikkje sÃ¥ mykje eg hugsar, men eg hugsar eg likte serien, og eg mÃ¥ jo ha hatt ein god grunn til det? Sjølv om eg ikkje var sÃ¥ gammal dÃ¥…

SÃ¥ spørst det dÃ¥, om det finst nokre som veit svara – og les dette…

Comments are off for this post

Ingen kommentar

Kort og godt fordi eg manglar ord. Andre er kanskje meir veltalande?
Alt eg kan seia er at eg ikkje greidde Ã¥ la vera Ã¥ sjÃ¥ og høyra til det var ferdig…

1 comment

Herrebukser

Når temaet her er herrebukser, så er det lett å tenkja seg til at det er snakk om mote. Enkelte vil kanskje meina at det ikkje er så store variasjonar i herremoten når det gjeld bukser, at det skulle rettferdiggjera ein eigen artikkel, men det er nok å dra litt raske slutningar. Her er det nemleg snakk om damemoten.

herrebukse.png

Biletet over er henta fr̴ ein artikkel i elle.no om nytt p̴ catwalken Рherrebukser for damer. Eller, i dette tilfellet er det snakk om inspirasjon, sidan snittet er tilpassa kvinnekroppen. Det er jo ikkje eit einest̴ande tilfelle heller Рfr̴ bl.a. LaRedoute har eg tidlegare sett maskulin herremote med feminint snitt framstilt som ein positiv trend.

Og for all del, er det det kvinner vil gå i så gjerne for meg. Stilig kan det vera. Det einaste eg kom i tankar om er: Kva tid blir det like vanleg å sjå det omvendte skje?

Comments are off for this post

Dersom gutungen din…

Born er born, og dei er jo frie til Ã¥ leika med det dei vil no for tida. dei er ikkje opphengde i gamle kjønnsroller, om kva som er lov eller ikkje. Jenter er frie til Ã¥ klatra i tre, leika med bilar og dinosaurar og kle seg ut som cowboyar og kva dei no vil, mens gutane finn me like gjerne blant kjøkkenleikene som med traktorar, leika med dokker og kle seg ut som prinsesser, og… eh, vent no litt…

[flash http://www.youtube.com/watch?v=78ND3vqPz90]

At Barbara Walters kan tenkja pÃ¥ transgender born er logisk nok, og viktig nok Ã¥ hugsa pÃ¥, men bortsett frÃ¥ det – er det lett Ã¥ gløyma at leik gjerne berre er leik, og la ungar fÃ¥ lov til Ã¥ leika med det dei vil? Eller er det noko dei ikkje fÃ¥r lov til, fordi dei har feil kjønn? Nokre er det jo tydlegvis, men er det mange foreldre med ein viss angst for at guten deira ikkje vil vera gut nok? Og kanskje at jenta ikkje er jente nok?

Comments are off for this post

Til månen for å spise frokost

Til månen for å spise frokostDette er ei av dei bøkene fylt med mange slike rare ting som ungar kan finna på å seia. Slikt er no i grunnen gøy å lesa, synest eg. Eg har nett lest ho ut, og fekk berre så lyst til å dela nokre få ting frå boka.

Sitata eg har plukka ut, handlar på sett og vis litt om kjønn:

Dette hendte på den tiden da det var moderne med langt hår hos menn. Søskenparet Martha og Rolf Ole fikk øye på en person med langt, bølget hår.
РDen damen er en mann, sa Rolf Ole. Martha ristet p̴ hodet.
– Nei, protesterte hun. – Den mannen er en dame.

Sandra nærmet seg en alder av tre år da hun en dag sa til mamma:
– Du e jente.
Mamma svarte da at hun er dame.
– Du, Sandra, er jente, men nÃ¥r du blir stor…
– DÃ¥ fÃ¥r eg tissefant! utbrøt jenta.

Mamma hadde vært hos frisøren og var spent på om Marius ville gjenkjenne henne med ny, kort frisyre. Sønnens kommentar var:
– NÃ¥ er du ikke jente lenger, mamma!

Ruben var veldig opptatt av pappas bart. Mamma sa at nÃ¥r gutten ble stor, ville han ogsÃ¥ fÃ¥ “hÃ¥r under nesen”.
– Ja, sa gutten glad og ivrig – Og nÃ¥r du, mamma, bler stor, fÃ¥r du òg bart!

En dag proklamerte Sandra:
– Eg e gutt!
Mamma protesterte:
– Du er da jente!
Og da kom det fra den lille:
– Nei, eg e bare søsteren te Cato! (SÃ¥ det, sÃ¥…)

Marius satt i badekaret og ble skrubbet ren. Da han var ferdig, sa han stolt:
– NÃ¥ er jeg like ren som ei jente!

Ruben fant en dag en av mammas bh-er, og dette uvante klesplagget ville gutten prøve. Han dro opp genseren sin og lette etter brystene.
– Det er bare damer som har bryster, forklarte mamma. Da kikket Ruben pÃ¥ mamma som om hun ikke skjønte noen ting.
– Eg e jo ein liden dame! sa han forklarende.

Toårige Ruben var blitt fortalt at da han var baby, fikk han drikke melk av mammas bryster.
– Ruben vil ha melk nÃ¥, sa gutten og forsøkte komme til mammas bryster. Mamma mÃ¥tte forklare at det ikke var mer melk igjen nÃ¥. Etter Rubens mening var løsningen enkel:
– Me kaste’ brystene i bosset og kjøpe’ nye!

Til jul fikk jentene små dukkevogner, mens Erling fikk bil. Gutten var ikke helt fornøyd med det og sa:
РJeg vil ogs̴ ha dukkevogn, mamma!
Pappa henvendte seg til sønnen og sa:
– Men du er jo gutt!
Erling, stakkar, svelget og foreslo for søstrene:
– Kan jeg ikke fÃ¥ være passepike i alle fall?

2 comments

Lag din eigen snø

Me er godt inne i januar, men snøen let venta pÃ¥ seg fleire stadar i landet. Til glede for ein del, men andre saknar den kvite materien Ã¥ leika med og i. Om du tilhøyrer den siste kategorien, og vêrgudane ikkje er pÃ¥ di side, kvifor ikkje laga din eigen snø? Eller, i alle fall snøkrystallar. PÃ¥ den gode, tradisjonelle mÃ¥ten, med papir og saks – berre i opppdatert utgÃ¥ve.

No kan du nemleg ta del i denne gamle fritidssysla ved hjelp av datamaskin og nettlesar, og skapa snøkrystallar vha. flash. Resultatet av arbeidet kan du sjølvsagt lagre på di eiga datamaskin, som jpeg eller postscriptfil. Så kan du enten skriva og klyppa ut nokre milliardar krystallar å leika deg i, eller bruke i scrappeprosjekt, eller kva du no vil. Kanskje berre visa fram i galleriet over snøkrystallar?

Litt gøy er det no i alle fall.

Synest eg.

Comments are off for this post

Kate Nash

Kate Nash er ei jente som enkelte kanskje har høyrt om. Ho spelar musikk. Har gitt ut CD òg, Made Of Bricks, og jo meir eg høyrer på ho, jo meir får eg sansen for ho. Rett nok har eg ikkje høyrt så mykje av ho når eg skriv dette, men men.

Eg for min del høyrde om Kate Nash først i går, og det var ikkje på grunn av musikken. Det var på grunn av andre ting ho likar. Ho har nemleg lyst til å skriva bøker for born, med Roald Dahl som førebilete, i følgje ein artikkel i Daily Record. Ho held på med ein historie no for tida. Han er for born, men temaet er kanskje ikkje heilt vanleg for ei barnebok. Kankskje ikkje så vanleg uansett målgruppe, for den del. Det er om ein 12 år gammal gut som møter ein 2.10 m høg transvestitt, Roy. Roy inviterer gutten med seg til ein stad kalla Terommet, der det er ei hemmeleg foreining. Konseptet der er at du blir det du måtte drøyma om.

SÃ¥nn grovt oppsummert. Kunne vore interessant Ã¥ lesa den historien. nÃ¥r han vert ferdig. 😉

I mellomtida, her er ein frisk melodi med ho, Merry Happy.

Comments are off for this post

« Previous PageNext Page »