Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Tankar' Category

Kjønnskvotering

Berre ein rask liten tanke etter ein litt gøyalt nytt: «Likestillingsombudet vil kvotere inn transseksuelle i offentlege stillingar.» Berre tull sjølvsagt, men tanken som slo meg er: Sett at det no skal kvoterast inn basert på kjønn – er det då mest rettferdig å kvotere med tanke på det som er mellom beina, eller det som er mellom øyrene?

Dei fleste vil kanskje ikkje ha problem med å plassere ei transseksuell mann-til-kvinne i kategorien «kvinne», sjølv før operasjon, men kva med andre transepersonar? T.d. ein mann som lever livet som kvinne på fulltid utan å vera interessert å endra på kroppen – skal vedkommande reknast som mann eller kvinne? Eller ein person som lever livet 50/50 som mann/kvinne? Kva bør vera avgjerande for korleis vedkommande skal kvoterast?

Mykje kan nok seiast, men kva tankar gjer de dykk sånn reint på sparket no?

No comments

Kjønn og klede

Det er ein ting mange lurar på, men som ikkje er så lett å gi svar på: Kva er det som får ein transe til å villa kle seg som dame? Ei transseksuell er lettare å forstå, sidan ho er ei dame, sjølv om kroppen er/var feil – men ein transvestitt er jo mann og har ingen ønske om å endra på det. Kvifor er så denne trongen til å kle seg som dame der?

Mine eigne tankar om dette er nok ikkje heilt ferdige, og det vil dei kanskje heller aldri bli. Eit forsøk på å visa kor vanskeleg det er å kunna gi eit fullgodt svar skal eg dog gjera, ved å snu på flisa og stilla spørsmålet tilbake: Kvifor føretrekk menn å kle seg i herreklede, og kvifor føretrekk kvinner å kle seg i kvinneklede? Tilsynelatande eit enkelt spørsmål, men eg har eit lite krav til forklaringane: De får ikkje lov å bruka at de er menn/kvinner til å grunngje svara, ei heller snittet til kleda.

Kvifor dette ekstra kravet? Vel – dersom ein transe er ein mann som kler seg som kvinne, så vil grunnen «fordi eg er mann» ikkje seia noko som helst om kvifor ein mann føretrekk herreklede. Det må altså heilt andre forklaingar til, men kva for nokre?

Snittet til kleda er heller ikkje eit argument, slikt er enkelt å ordna på, og det blir gjort. Du får kjøpt kjolar og skjørt og meir til tilpassa mannlege kroppar, om det er det som skal til. Og bukser, skjorter, dressar osv. til kvinner – vel, er det nokre som tvilar på at det går an?

Då spørst det då: Er det nokre som les dette som kunne tenkja seg å prøva koma med ei forklaring? Eg for min del er nemleg  nyfiken og interessert i svara.

3 comments

Kan eg kalla ho «venninne»?

No har eg ikkje tenkt å fundere så veldig mykje på dette, i alle fall ikkje i denne omgang, men tanken slo brått ned i meg då eg sat og chatta litt med ei venninne. Om eg då kan kalla ho «venninne.»

Det er ikkje dei vennskaplege banda mellom oss eg tenker på, men det reint grammatiske. Språket vårt har jo blitt ganske så kjønnsnøytralt etter kvart – me har lært at me ikkje skal bruka ord som fortel noko om kjønnet til den me snakkar om. Lærarinne, til dømes – det heiter det ikkje. Det heiter lærar, om både menn og kvinner. Det er heilt i orden å seia «kvinneleg lærar», men ikkje «lærarinne.» Flyvertinnene har lidd same skjebne, men her er ordet erstatta av eit heilt anna: Kabinpersonale. Kanskje fordi det ikkje fantest flyvertar? Kvinner i leiande stillingar fekk ikkje vera forkvinner – formenn forsvann i staden og vart erstatta av leiarar. Og så vidare.

Dei kjønnsbestemte titlane har altså generelt sett forsvunne frå språket vårt. Det er to unntak eg kjem på no: I selskap blir dei som har invitert og stelt i stand maten og slikt kalla for «vert» og «vertinne». Og så har me altså «venn» og «venninne». Men – kor lenge har eg lov å kalla venninnene mine for «venninner»? Kva tid må eg byrja å kalla dei «kvinnelege venner»?

Litt for vanskelege tankar i ei sein kveldsstund…

2 comments

Guteleiker?

porsche 356Eg var i leikebutikkar i går for å kjøpa ein presang til eine nevøen min – det er jo slikt eg gjerne gjer når dei har fødselsdagar. Ikkje uventa var eg ikkje åleine i butikkane – det var òg ein del ungar der, med og utan foreldre. Ungane ville sjølvsagt ha masse av det dei såg, og bønene om å få det eine eller andre var meir eller mindre vellukka. Helst mindre.

Dei som fekk meg til å tenkja litt var foreldrene som var ute med dotter si. Ho var vel rundt 3-4 år, og skulle tydlegvis få eitt eller anna, så dei vandra rundt mellom reolane for å finna noko passande som ho ville ha. Dei vanlege innvendingane var der jo – det var for dyrt, eller det passa meir for dei som var eldre. Men så var det noko jentungen likte, men som mora ikkje syntest noko om. «Det er guteleiker. Det er sånt som gutane leikar med,» sa ho, og for bestemt vidare. «Og jenter,» prøvde faren seg med, men mora var like bestemt på at det der var guteleiker, og slikt noko skulle ikkje jenta ha.

Det var visst ikkje så farleg for jenta, ho traska glad vidare etter mora og såg på nye ting. Eg for min del var nyfiken på kva det var som hadde skapt store reaksjonar, så eg kikka rundt hjørna på reolen og fann – bilar. Det var dyre, radiostyrte bilar for litt eldre ungar, så både pris og alder kunne vera grunn til å seia nei, men i staden var det det at det er guteleiker som var det viktige.

Eg kunne i første omgang ikkje forstå kvifor det skulle vera så farleg om jenta likte bilar/guteleiker – særleg ikkje i våre dagar når det er lagt så mykje vekt på likestilling, like rettar og like mulegheitar. Rettnok har opphavet mitt fortalt meg at då eg var liten, så var den populære pedagogiske haldninga at gutar og jenter skulle få leika med dei same leikene – det skulle ikkje gjerast forskjell. Det var ikkje ein særleg vellukka pedagogikk… Eg hugsar at eg fekk plukka ut ei dokke til meg sjølv, men eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong leika med ho. Men det er ein forskjell på å gi tradisjonelle jenteleiker til gutar og vice versa fordi det skal vera pedagogisk fornuftig, og å gjera det fordi ungane har lyst på det. I sistnemnde tilfelle er det interesse til stades.

Når det så er slik at t.d. ei jente har interesse for såkalla guteleiker, er det då rett å nekte ho det? I så fall, kvifor? Eg er nyfiken på kva haldningar ein legg til grunn, og kva haldningar ein i slike tilfelle lærer vidare til ungane. For å ha det sagt: La no ungane leika med det dei vil, meinar eg.

5 comments

Ekte mannfolk

Eg høyrde uttrykket på TV i går, i samband med omtale av The Man Show – det skulle vera eit show for ekte mannfolk og andre enkle sjeler. Ikkje den mest positive meininga der, kanskje, men det blir jo sagt i fullt alvor av både menn og kvinner elles. Så var det det då: Kva legg folk i uttrykket «ekte mannfolk»?

Det kan jo vera så mangt, det ulike folk legg vekt på: Indre kvalitetar, korleis ein ter seg, eller kler seg. Eller noko anna. Og at ein legg vekt på det same, treng slett ikkje tyde det same som at ein meinar det same. Eller – er eg heilt på viddene no?

Berre ta det å te seg. For å vera eit ekte mannfolk, må ein då vera skikkeleg barsk, og (sterk) fysisk? Ut å hogga ved, mekka på motor/bil/sykkel, hår på brystet og vera skikkeleg muskuløs? Er det «you Jane, me tarzran» som er idealet for eit ekte mannfolk, eller kan menn òg ha sans for såkalla mjukare verdiar utan at manndomen deira skal dragast i tvil?

Når eg les litt rundt om kring, så kan det synast som ein del set ei grense for kva menn kan kle seg i: Ekte mannfolk kan kle seg i nett det dei vil, men dei vil ikkje kle seg i noko som kvinner kunne tenkast å gå med. No for tida kan dog kvinner tenka seg å gå kledd i det meste… Har ein mot nok til å gå i mot straumen og ikkje kle seg likt med alle andre, så er det fare for den manndomen? Trudde ikkje «saueflokk» skulle vera idealet?

Andre ting eg har sett nemnd? Enkelte har jo total angst for fuktighetskrem og evt. andre kremar. Sjølv synest eg ikkje det høyrest særleg mandig ut å vera redd for slikt, men det å ta vare på huda si og vera oppteken av korleis ein ser ut (bortsett frå det å vera generelt velstelt) kan synast å vera lite mandig, i følge enkelte. Eg leste for eit par år sidan eller så, eit innlegg i eit blad: Ei jente hadde møtt ein skikkeleg kjekk gut; intelligent, kunne føra gode samtalar, tiltrekkande, vakker kropp og maskulin – han var nesten perfekt. Så fann ho ut at han hadde lakkerte tånegler. Krise! Det vart ikkje noko meir mellom dei to.

Lakkerte tånegler er kanskje ikkje av det mest maskuline, men at noko så overfladisk skulle endra inntrykket frå ekte mannfolk til femi type, det heng vel eigentleg ikkje på greip? Men når eg les eller høyrer kommentarar om «ekte mannfolk» rundt om, så er det oftast svært så overflødige ting det er snakk om. Blir det berre brukt som eit pressmiddel for å få menn til å vera på ein bestemt måte, eller er det noko som kan kallast eit ekte mannfolk? Skiller det seg i så fall ut frå det å vera eit ekte kvinnfolk? (I den grad me høyrer om det, på same måte.) For min del så må det då vera at ein viser ansvar, står opp for det ein meinar, og ikkje let seg tvinga/kua til å vera nokon ein ikkje er. Uansett kjønn. Men det er mi meining, i den grad eg måtte ta uttrykket på alvor. Kva meiner andre?

Rundar av til slutt med eit passande sitat om ekte mannfolk: «Det krevt eit ekte mannfolk å gå som kvinne!» (Sagt av ein transvestitt. :) )

1 comment

Kommentarar

Det er ikkje til å unngå at eg av og til får nokre kommentarar – særleg sidan eg ikkje tek det så tungt om eg «passerer» som kvinne eller ikkje. Det er ikkje alltid eg orkar å gjera så mykje for å skjula at eg fysisk er hankjønn heller, faktisk høyrer det til unntaka; det tek så lang tid elles…

Uansett, det var kommentarane eg ville kommentere her. Negative kommentarar/tilrop er det sjeldan eg får – hugsar ikkje sist det skjedde. Ikkje som eg har høyrt, i alle fall, for det er slik at ein ting har dei hatt felles: Dei har vorte ytra når eg har vore på trygg avstand, og på veg vekk – og gjerne litt for lågt til at eg heilt oppfattar kva dei seier.

Tenåringsjenter er eit kapittel for seg sjølv; kritiske til alt og alle (inkludert seg sjølve) om korleis dei er kledd, oppfører seg og så vidare. I grupper på tre eller meir kan det nok henda det oppstår litt fnising når dei ser meg – er ikkje så lett å skilja seg ut i venneflokken; tenk på kva dei andre kunne seia… For når eg møter jenter åleine eller i par, så er tonen ein annan – og det har alltid vore positive kommentarar direkte til meg.

Vaksne som bryr seg er alltid positive. Vel – så og seie alltid. Ein hyggeleg kommentar i forbifarten, nokre vekslar nokre ord, andre igjen er frå seg av begeistring; det kan vera svært oppmuntrande å ta seg ein tur ut til tider. Av dei hyggelegaste kommentarane er den eg fekk sist: Ei jente hadde sett meg i sommar, og der eg gjekk nedover gata – kledd i kvit topp, kvitt skjørt og kvite høghælte sko – var eg som ein engel som kom svevande. Eit vakkert syn som hadde brent seg fast på netthinnene hennar.

Vakkert sagt – berre synd ho er gift ;-)

No comments

« Previous Page