Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Musikkvideo' Category

Sestre – Samo Ljubezen

Melodi Grand Prix-sirkuset har starta her i landet igjen, med første delfinale i Alta vel overstått. I den samanhengen tenkte eg eg kunne halda meg til den internasjonale finalen, og gå litt tilbake i tid. Her kjem musikkvideoen til Slovenias bidrag til Melodi Grand Prix i 2002: Samo Ljubezen

No comments

Harisu – Temptation

På tide å plukka opp igjen dei tematiske musikkvideoane, kanskje?

No skal det seiast at teksten til «Temptation» ikkje har så mykje å gjera med transar. Faktisk ikkje noko i det heile, så vidt eg veit. Derimot er den koreanske artisten Harisu godt innanfor tema: Ho er transseksuell, og svært populær i heimalandet, etter det eg forstår.

No comments

Aerosmith – Dude (looks like a lady)

Det vert to musikkvideoar denne gongen – til same melodi. I tillegg til originalen, er det laga mange remiksar av videoar plukka frå ulike kjelder. Eg har plukka med meg ein der det er plukka frå ein enkelt animeserie, «I, My, Me! Strawberry Eggs»

Fordi eg har lyst.

Originalen:

Til Animeserien «I, My, Me! Strawberry Eggs»

No comments

Scissor Sisters – Filthy/Gorgeous

Det vart ikkje posta noko musikkvideo i bloggen her i går, så eg får ta den i dag i staden. Denne gongen er det Scissor Sisters som slår til med videoen til melodien Filthy/Gorgeous.

1 comment

Mystery Jets – Alas Agnes

Transvestitt, transseksuell, eller kva? Det er på tide med ein ny musikkvideo som på eitt eller anna vis inkluderer det som kan seiast å vera den raude tråden i denne bloggen.

Denne gongen er det ein historie, fortalt i tekst og levande bilete av Mystery Jets.

No comments

The New Pornographers – Sing Me Spanish Techno

Musikkvideoar kan vera gøy. Her er ein eg nett kom over, og som er litt fin. Ønskedraumen for fleire, kanskje? ;)

1 comment

« Previous Page