Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Musikkvideo' Category

R.E.M. — Crush With An Eyeliner

Til å gå med førre innlegget om å bli sminka, kva er meir naturleg enn å la musikkvideoen denne helga vera R.E.M. med «Crush With An Eyeliner»?

Nyt musikken, sjølv om de måtte ha visse problem med eyelineren. 😉

Comments are off for this post

Barenaked Ladies – I’ll Be That Girl

Vel — i dette tilfellet er det kun Steven Page frå Barenaked Ladies som opptrer med songen deira, men vakker song er det. Om enn litt trist.

Comments are off for this post

Imperial Drag – Boy Or a Girl

Musikkvideoen denne helga, av eit band som vart oppløyst etter å ha gitt ut første albumet. Eg leita lenge etter denne etter først å ha høyrt ein del av songen i musikkvideoen her, og fekk tak i det eg ville til slutt.

Personleg likar eg det bra. Håpar de set pris på musikken og videoen, de òg.

Comments are off for this post

Opplading til Melodi Grand Prix

Tidlegare skreiv eg ein liten notis om Danmark sitt bidrag til MGP, og at det er ein drag-artist som framfører den. No ser eg at Ukraina sitt bidrag òg er klart — og i følgje VGTV så er det nokre som ikkje set særleg stor pris på artisten som framfører det. Artisten Verka Serdyuchka er nemleg transvestitt. I alle fall er det det eg har lest før òg, men sjølv seier han det er snakk om eit scene show, så då må han kanskje plasserast i drag queen-kategorien, han òg?

Uansett, her er Ukraina sitt bidrag: Dancing.

Comments are off for this post

Kelly van der Veer – I’m What I Am

Eg lurte litt på kva musikkvideo eg skulle ha denne helga, men med tanke på innhaldet i posten «Akseptabelt?» og kommentarane så langt, så passar det kanskje med «I’m what I am» med Kelly van der Veer?

Så får me håpa me alle får vera den me er.

Comments are off for this post

Blur – Girls & Boys

Det er ein del år sidan eg høyrde ein melodi på radioen, der refrenget berre fekk meg til å stoppa opp og høyra etter: Jenter som ville vera gutar, ville ha gutane sine til å vera jenter og ein heil masse genderbending. Kva melodien heitte og kven som song, det fekk eg ikkje veta då, men etter å ha skrive refrenget (ikkje heilt korrekt) på Usenet fekk eg veta det.

Her er dei: Blur, med «Girls & Boys»

1 comment

Dana International — Lola

Her om dagen fekk eg eit besøk via israelske Google, etter eit søk etter Lola av Dana International. Videoen var ikkje klar då, men eg hadde allereie funne fram ei lenke etter å ha sjekka kvaliteten på ulike versjonar på YouTube. Den du får sjå her skal vera i bra kvalitet, om ikkje perfekt.

Språket seier meg eigentleg ikkje så mykje — men det skal visst vera om framtida for den overskridande hermafroditt? Eller noko sånt. Om det er nokre som kan fortelja kva det eigentleg handlar om så blir eg glad for det.

Comments are off for this post

Venus Flytrap – Visa For Love

VG har ein liten videoreportasje om dette jentebandet, men om du er interessert i å høyra og sjå videoen som er nemnd i den reportasjen — Visa For Love — så treng du ikkje gå vidare. Hamskifte bringer sakene!

Fleire videoar kjem etter kvart — men eg kan jo ikkje gi alt på éin gong. 😉

3 comments

Melodi Grand Prix

No har eg ingen planar om å starta på ein serie med postar om Melodi Grand Prix her — det gjer andre godt nok — men då eg via ein engelsk blogg kom over det danske bidraget til konkurransen i Finland i år syntest eg ikkje eg hadde stort anna å gjera enn å rota ned eit innlegg sjølv òg. Ikkje fordi det er eit bidrag engelske Becky håpar vinn (i skrivande stund) men fordi det passar så godt i serien med musikkvideoar eg har her 😉

Så, her er Danmark sitt bidrag: Drama Queen

3 comments

Rocky Horror Picture Show – Sweet Transvestite

Dette må vel seiast å vera ein god, gammal klassiker? 🙂

3 comments

« Previous PageNext Page »