Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for the 'Generelt' Category

Ny platespelar?

Eg har ein god del gamle LP-ar, og planen har vore å få overført dei til MP3 eller anna digitalt format, men… Det tek si tid. Ein ting er at den platespelaren eg har er ein del av — og kan kun koplast til — eit gammalt anlegg, som ikkje er heilt i topp stand lengre. OK, det er kun kassettspelaren som har problem når eg tenkjer meg om, men…

Dette anlegget står attmed PC-en. Eg har ikkje kopla høgttalarar til det, og heller ikkje til PC-en, så det er i grunnen berre til pynt der det står no. Fordi eg ikkje får fingen ut og gjer noko med den konverteringa. Men, det er jo eit ork med det, og den fingen har det godt der han er no… Det er éin del av forklaringa på at ingenting blir gjort.

Ein annan del av forklaringa er at reima som driv platetallerkenen rundt er gammal og slapp no etter kvart, så då eg sist prøvde å konvertere nokre gamle 45-singlar, var det ikkje like lett å halde den farten som skulle til, og halda han konstant. Eg må altså investere i ei ny drivreim. Det bør ikkje vera så vanskeleg å få tak i, sjølv i dag?

Det tredje punktet er jo det klusset med å stille inn volum på opptaka då, og få det så godt som råd er. Greit nok. Med unntak av enkelte melodiar var ikkje det det vanskelegaste, men det er eit putlearbeid som må gjerast.

Kjedeleg.

Men, i går stakk eg innom Clas Ohlson, sånn sidan eg var i nærleiken, og der hadde dei ein ny platespelar til ein pris til krona under tusenlappen. Platespelar, CD-spelar og radio i eitt. Det gøye med denne er USB-porten, der det er råd å setja inn ein minnepinne, og så kan ein ta opp LP-platene på denne ved enkelt og greit trykkja opptaksknappen. Kor god kvaliteten på desse opptaka blir, det veit eg ikkje. Diverre.

Det freistar jo litt då, å skaffa meg ein slik og få konvertert musikken utan noko særleg arbeid. Sett vekk i frå alt det manuelle med å setja på platene, trykkja på opptak og gi namn til melodiane, sjølvsagt. Det er meir enn nok å gjera med det, men ikkje noko putling med leidningar, voluminnstillingar og det der, i alle fall. Spørsmålet er om eg med rette prioriteringar har råd til det, og om det i så fall er verd det…

Det var det med å veta kvaliteten på resultatet på førehand, då. Ikkje så lett å finne ut det i butikken… 😕

[audio:han_er_forelska.mp3] Comments are off for this post

Kreativ

Det finst så mange ulike testar å ta på nettet, av ulik seriøs grad. Nett no er eg inne i ein veldig alvorleg periode, så eg ville sjekka kva type eg er ved hjelp av ein skikkeleg dødsseriøs quiz, altså.

Eller kanskje eg berre kjeda meg litt. Ikkje alltid så lett å veta ulikskapen mellom det og alvor…

Uansett, her er resultatet, på framandlandsk:

What’s your inner power?
Creativity

Creativity: Your inner power is Creativity! Any of The Arts-music, dance, pure art, drama, creative writing-are your passion. You love the way you can control what happens to you and your life while you participate in any of The Arts, and you can push your emotions aside when you do so. You at times can feel very depressed and alone, and yet it only further fuels your love for your art. Life to you can often seem bitter and cruel, a world of darkness with only a few tiny flares of light, stretched out far in between one another. In a way youre confused with what you want in your life, and find it hard to trust people. Because of this people of the outside world see you as cold and uncaring, yet those who befriend you love you a lot, and know you are only very lonely and hurting. Boys are intrigued by your mysterious mask, and one day, one of them will reach passed your barriers and care for you the way you so desperately want to be cared for. Dont let the popular people get you down; you are a wonderful person, and without the creativity you bring the world, it would be a very boring place. Love yourself for who you are, for you are very special.

Boy/Girl who will sweep you off your feet: A sweet, sensitive man/woman. The guy/girl who understands your need for being alone sometimes. Yet also someone who would do anything to protect you for being hurt, even if it means giving up their life.

Your stone: Jade

Your power: Dreaming/Imagination

Your element: Dream

A quote that applies to you: Dare to dream, dare to fly, dare to be the ever chosen one to touch the sky.

Take this quiz!

2 comments

Tre ting få veit om meg

Det er wander som trur eg vil ta opp tråden her – sjølv om ho er litt skeptisk… 😉

Tre jobber jeg har hatt i mitt liv: Lærarinne, butikkmedarbeider (ekspeditrise og oppgradering av PC-ar og slikt. Databutikk), webdesigner

Tre steder jeg har bodd: Bergen, Sørreisa (tja), Sandnes

Tre steder jeg har feriert: Noreg, Sverige, Danmark

Tre av mine favorittretter: Kylling av forskjellig slag, sosekjøt, oksesteik

Tre steder jeg skulle likt å ha vært nå: Ein plass der eg vert dulla og stelt med etter alle kunstens reglar, ved/i sjøen, Hellas

Tre personer jeg tror kommer til å svare på dette: Overrask meg…

Kopiert og besvart
Og snille deg, ikke ødelegg det morsomme.
Kopier det over på din blogg, fjern mine og legg til dine egne svar.
På denne måten får du vite masse nytt og spennende om andre!

2 comments

Bøker du bør lesa — den definitive lista

Då eg først byrja å sjå desse listene over bøker ein bør lesa, fordi dei er bøker ein bør lesa, så brydde eg meg i grunnen ikkje. Ikkje noko særleg reaksjon frå meg over responsane på desse listene heller, men når eg no ser Tom Egeland med ei oppsummering så greier eg ikkje heilt å halda meg lengre. Med så mange ulike bøker og forfattarar på dei ulike listene, så har eg bestemt meg for å berre skjera gjennom og presentere den definitive lista over bøker du bør lesa.

Ei vanskeleg oppgåve skulle ein tru, med så mange ulike preferansar ute og går, men om ein held tunga rett i munnen så går det bra likevel. Så for å gå rett på sak, her er lista i prioritert rekkefølgje:

  • Bøkene du likar å lesa, og har glede av

No kan det jo hende det stadig er ein del som er ueinige med meg, men eg vil prøva å grunngje det utvalget eg har gjort.

Først av alt, så finst det mange bøker. Det er så mange at du ikkje greier å lesa alle, uansett. Du er nøydd å gjera eit valg, og sortere etter visse kriterium. Spørsmålet er, kva for nokre?

Ein del bøker har hatt mykje å seia, og gjort store inntrykk. Bør du lesa dei av den grunn? Dersom det berre blir eit pliktløp for at du kan seia at du har lest dei, så bør du heller lata vera. Det er nok av andre bøker å velja mellom. Dersom du er nyfiken på bøkene, fordi du har høyrt om dei, så for all del: Prøv. Men, om du oppdagar at det ikkje var noko givande så legg boka vekk. Ho vil ikkje gi deg noko om du ikkje likar ho.

Bør du lesa bøker fordi forfattarane er berømte? Eller fordi folk du ser opp til har lest dei, kanskje til og med tilrår deg å lesa dei? Eller kanskje bøkene som står på ei eller anna liste over bøker du bør lesa, av ein eller annan grunn? Svaret blir i grunnen som over.

Om du les bestemte bøker kun fordi du får veta at du bør lesa dei, så kastar du bort tida med noko som ikkje gir deg noko. Gir det deg ikkje noko, så vil det verta kjedeleg, og kanskje ta frå deg lysta til å lesa?I så fall er det jo bøker du absolutt bør unngå i staden.

Så over til lista over bøker du bør lesa: Bøker du har glede av.

Det er mykje du kan ha glede av å lesa. Bøker som lærer deg om geologi, romfart, dinosaurar. Bibelhistorie og bøker om profetiane i Bibelen kan vera spennande. Bøker om tal og matematikk kan vera fascinerande. Veldig nyttige bøker alt i hop, og har du glede av dei så er dei så absolutt givande. Men sjølv kiosklitteratur kan vera viktig og givande. Kanskje ikkje i følgje diverse litterære kriteruim, men reint personleg.

Kort oppsummert så kan eg vel seia som så, at den beste litteraturen er den som gir deg lyst til å lesa meir. Kva er vel betre enn det?

Comments are off for this post

WordPressplugin: Eit ønske

Det var i samband med førre innlegg — det om å leika med dokker — at eg kom til å tenkja på at det kunne vera praktisk av og til om besøkande på sidene mine kunne lasta opp bilete for å bruka i kommentarane. Det er jo ikkje råd å gjera som standard, så eg fór ut og leita etter ein plugin som kunne hjelpa meg med dette. Diverre – det næraste eg kom var litt hjelp med å endra i ei WordPress-fil slik at img-taggen kunne brukast.

Det hjelper jo godt på veg den endringa då — eg må berre hugsa på denne fiksen kvar gong eg oppgraderer til ein nyare versjon av WP. Men av og til kunne det vore mykje meir praktisk å kunna lasta opp direkte i kommentaren. Eg er med andre ord stadig på jakt. At eg ikkje fann ein slik plugin treng ikkje bety at det ikkje finst, så eg spør eg: Er det nokre som les dette som veit kor noko slikt kan finnast? Eventuelt om det er nokre som kjenner seg kalla til å laga noko slikt etter å ha lese dette. 😉

2 comments

CD Film

Tilbake i januar skreiv eg eit innlegg om melodiar der trans* er eit tema på eit vis. Etter eg tidlegare denne månaden skreiv ein liten notis om transgender filmar, så har tanken svirra litt rundt: Kva filmar der transing i ei eller anna form spelar ei rolle har eg sett? Og har planar om å sjå? Litt har det kanskje blitt? Eg vil prøva å rekna opp her, og sjå kva eg kjem på.

Eg byrjar med dei eg har sett, i inga bestemt rekkefølgje:

  1. Some like it hot.
  2. Mrs. Doubtfire
  3. Diverse Snurre Sprett-filmar
  4. Just like a woman
  5. The Rocky Horror Picture Show
  6. Priscilla, Queen of the Desert
  7. Switch
  8. Shrek 2
  9. Robotene
  10. Diverse Tom & Jerry
  11. Twin Peaks (OK, det er frå TV-serien eg har det, men…)
  12. Bruno (evt. The Dress Code)
  13. Charlie Chaplin-komedie (hugsar ikkje tittelen. Er lenge sidan no…)
  14. Krigen er Pyton (Privates on Parade)
  15. White Christmas
  16. Diverse Monty Python-filmar
  17. Alt om min far
  18. The Rose
  19. Crocodile Dundee
  20. Crocodile Dundee 2
  21. Erik the Viking
  22. Revenge of the nerds
  23. Tootsie
  24. Victor/Victoria
  25. Sorority Boys
  26. Yentl
  27. Ace Ventura: Pet Detective
  28. The Birdcage
  29. The Crying Game
  30. Eddie Izzard: Dress to kill
  31. Huckleberry Finn
  32. 100% menneske
  33. Nobody’s Perfect
  34. Ranma ½: Big Trouble in Nekonron China
  35. Ranma ½: Nihao My Concubine
  36. Ed Wood
  37. Charlies tante. Sjølv om det er laga film av denne, såg eg teaterversjonen på NRK i påsken…

Oisann – det vart visst litt fleire enn eg trudde det, då eg starta å rekna opp. Rettnok måtte eg grava djupt for å få fram frå minnet ein del av desse, og ikkje alle har like mykje transeelement i seg, men men.

Så er det ein del fleire filmar då, som eg har bestemt meg for eg skal sjå. Kanskje mest fordi eg allereie har DVDane…

  1. Brødrene Grimm (Det skal visst vera element av det her)
  2. Connie and Carla
  3. Glen or Glenda (OK. Denne har eg ikkje, men…)
  4. Kinky Boots
  5. Iron Ladies
  6. Transamerica
  7. Breakfast on Pluto
  8. Finding Neverland
  9. Hedwig and the Angry Inch

Det er det eg veit eg skal sjå, men det finst sikkert mange fleire eg burde få med meg. Kjenner de til nokre, så er det eit kommentarfelt under her… 😉

Comments are off for this post

Mannesminke

Ikkje før eg har nemnd menn og hårfarging i førre innlegg, så ser eg Aftenposten kjem med eit innlegg om sminke for menn. Ikkje det at det finst menn som brukar sminke — det er gammalt nytt — men at det no vert å finna i ei stor kjede som H&M. Ikkje berre kremar og slikt, men neglelakk, mascara osv. Er det teiknet på at sminke for menn no er blitt mainstream? At det faktisk er vanlg og godteke?

Vel…

Det er to ting som eg ikkje greier å la vera å tenkja på. Tydlegast er vel kommentarane til artikkelen, flesteparten av dei som har kome så lang er vel heller fordomsfulle. Raske til å dømma, utan å heilt veta kva dei snakkar om, ser det ut til.

Den andre tingen eg tenkjer på er H&M sine herreskjørt. Jada, dei har i alle fall hatt dei — har de ikkje sett dei, kanskje? Det kan sikkert vera fordi dei berre hadde skjørta inne i enkelte av butikkane sine, sjølv om dei vart seld unna fort. Skjørta vart ikkje spreidd rundt til alle butikkane i kjeda. Eg reknar i grunnen med at H&M vil bruka same praksis med sminken, at den kun vil vera tilgjengeleg i enkelte butikkar i større byar.

Så, sjølv om det no er i sortementet til ei stor kjede, så vil nok ikkje sminke for menn vera så heilt vanleg å sjå likevel, tenkjer eg. Men det er då ein start.

3 comments

Slow Wave

Som ei av rutinene mine om sundagane, så går eg innom Slow Wave og ser kva for ein draum som har blitt laga teikneserie av denne gongen. Det kan jo til tider vera ganske sære draumar, og vel verd eit besøk…

Men kvifor kjem eg på å skriva om dette her først no, når eg har lese desse stripene lenge?

Tja…

Ragged Andy Doll in a dress

Comments are off for this post

Med skjørt på snøbrett

Det høyrest kanskje lite praktisk ut, men blant ein gjeng med damer er det ein del som brukar skjørt. Dei er like gode som sine medsøstre, men i tillegg er det noko meir med dei.

Personleg føretrekk eg dei med skjørt, på grunn av det ekstra dei byr på.

Comments are off for this post

Det som smertar mest

Mannen kom i ein samtale med ei transseksuell, og ho fortalte om korleis den kjønnskorrigerande operasjonen hadde vore.
«Men er det ikkje vondt då, å ha mista… utstyret?» spurde mannen.
«Neida. Eg kjenner det mest i lommeboka.» svara dama.

Ein gammal vits, fortalt på ulike vis mange stadar. Men vits eller ei — dersom du er i situasjonen og har bil, så pass på forsikringa

2 comments

« Previous PageNext Page »