{10. April, 2008}   Endeleg - eg fekk ut fingen

Eg har ikkje heilt klart for meg kor fingen eigentleg skal vera før me får han ut, sjølv om han i mitt tilfelle har vore der ganske lenge. Men no har eg altså endeleg fått han ut, og oppdatert temaet eg brukar her i bloggen til å ta i bruk widgets. Eg har brukt ein del innstikk som ikkje har vore klare for dette, så det har vore medverkande til at eg ikkje har gjort noko med det, men etter at eg sjekka ein testblogg etter siste Wordpress-oppdatering, så la eg merke til at alle så nær som ein av dei funksjonane eg brukte var klare. Då kunne eg ikkje bruka det som unnskulding lengre.

Så då var det berre til å finna fram passande dokumentasjon då, på korleis ting skulle gjerast for å oppgradere temaet mitt. Det var jo lett tilgjengeleg frå widget-menyen i administrasjonspanelet, men det oppdaga eg ikkje før etter eg hadde funne det. Det viste seg at det var svært lett å gjera noko med det. Tida vart brukt til å oppdatere stilarket slik at stilen vart halden. Ikkje så mykje arbeid det heller, faktisk.

Og så det største problemet: Med widgets i funksjon, kva rekkefølgje skulle eg plassera dei i? Kva skulle med og ikkje? Det får eg vel sjå meir på etter kvart, òg, men nett no er eg nøgd med at ting ser ut til å fungere heilt fint. :)

Liknande innlegg:
Mixtape ⇐ ⇒ Norske sitatteikn i Wordpress


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    April 2008
    M T W T F S S
    « Mar   May »
     123456
    78910111213
    14151617181920
    21222324252627
    282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva nettlesar føretrekk du?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster