{15. November, 2007}   ArbeidsoppgÃ¥ve: Ã… lakkere neglene mine

Lakkerte neglerDet er i vitseteikningar og komediar me helst ser dei: Sekretærane som er meir opptekne av å fila og lakkere neglene sine enn av å ta i mot kundar og elles gjera arbeidet sitt.

No skal ikkje eg påstå at det er slik i det verkelege livet, trass i overskrifta eg brukar her. Eg er nemleg ikkje sekretær.

Eg skal heller ikkje ha det pÃ¥ meg at eg ikkje tek vare pÃ¥ kundane vÃ¥re, heller tvert om. Kunden eg no har i tankane har nemleg negledesign som sitt arbidsomrÃ¥de, og som grafisk designar var det opp til meg Ã¥ utforma ei brosjyre for dei. Bilete skulle takast, tekst skulle inn, og det vart i grunnen fint. Men… av dei neglelakkane eg hadde inne var det fire nye fargar – og korleis skulle desse framhevast?

No hadde allereie kunden kommentert at eg har fine negler, sÃ¥ Ã¥ lakkere desse i dei nye fargane, det var ein god idé. Det var rett nok min idé, men eg kunne altsÃ¥ sÃ¥ absolutt gjera det, syntest kunden – det skulle bli bra.

Så då var det berre til å setja meg ned og lakkere neglene mine då. Som de kan sjå på biletet her, så tok eg den femte nagla på handa òg. Eg syntest tommelen fortente litt farge òg, sidan eg først var i gong, så då vart det fem ulike fargar på neglene. Alt for kunden, veit de. ;)

Liknande innlegg:
Lamont: Golden Daze ⇐ ⇒ Kjære foreldre (og andre)


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Haha. (smilandlet[1]) Moro å sjå kva du driv med.

1. Eg hatar dei gule andleti (tullegeip)



Monica skriv:
Gravatar

Kanskje eg skulle erstatta smileandleta med grøne andlet i staden då? :mrgreen:



Becca skriv:
Gravatar

Ekte eller falske negler? Ser veldig bra ut i alle fall!



Monica skriv:
Gravatar

Heilt ekte. Mine eigne, biologisk dyrka! :lol:



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    November 2007
    M T W T F S S
    « Oct   Dec »
     1234
    567891011
    12131415161718
    19202122232425
    2627282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Du kan byte kjønn nett når du vil ved å tenke på det. Du ville:

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster