{26. October, 2007}   Ikkje

Når ein ser ordet «ikkje» så tenkjer ein kanskje på at det er noko ein ikkje bør gjera – men eg gjer det likevel eg.

Det har seg nemleg slik at dette ordet har dukka opp ganske mange gongar i statistikken min, over ord som er brukte i søkemotorar for å finna mine sider. Kun ordet «ikkje», heilt for seg sjølv. Godt inne på topp 10-lista over populære søkeord. Akkurat kva dei er ute etter dei som søker etter dette veit eg ikkje, men eg vil no likevel gjera mitt til at dei finn noko om akkurat ordet «ikkje»:

ikkje, kan verta avstytt til kje. Nektingsadverb.

Ordet kan nyttast til å laga samansette ord med bindestrek, der meininga blir den motsette, som t.d. diskriminering, ikkje-diskriminering.

Til vanleg står nektingsadverbet ikkje mellom infinitivsmerket og infinitiven: Eg skal prøva å ikkje vera så sein. Men det kan òg stå føre infinitivsmerket: Eg skal prøva ikkje å vera så sein. I slike tilfelle gjeld det å ikkje vera tvitydig, som desse døma er: Det gjeld ikkje å gå raskaste vegen … Eg lovar ikkje å søkja stillinga som leiar …

I at-setningar kan ikkje stå anten føre eller etter det tidsbøyde verbet: Eg lovar at eg ikkje skal vera for sein … Eg lovar at eg skal ikkje vera for sein.

Når det gjeld uttale, så skal ordet «ikkje» uttalast med ein kj-lyd. Det virkar logisk, men enkelte har problem med det, og blandar med sj-lyden. I min dialekt er ikkje dette eit problem, då kj-lyden her er meir som ch-lyden i det engelske ordet cheap. Han minnar òg mykje om tj-lyden i ordet tjukk. Eg veit enkelte vil rynka på nasa over dette, men me unngår i alle fall problemet med at folk trur dei sel kjelen sin til djevelen for å oppnå gode resultat…

Liknande innlegg:
Auga for auga ⇐ ⇒ Tvetydig kjønn


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    October 2007
    M T W T F S S
    « Sep   Nov »
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kjenner du ein transe?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster