{12. August, 2007}   Alt det forfattarar må læra

På skriveverkstad:
Forelesar:
Du har verkeleg ei utmerka framstilling av det mannlege perspektivet. Dei fleste kvinner finn det svært vanskeleg.
Eg: Wow! Det er det beste komplimentet ein skrivande transvestitt nokon gong kunne høyra.¹

Forfattarar har i grunnen ofte mykje dei må læra og setja seg inn i før dei kan skriva dei historiane dei vil. Det kan vera historiske hendingar og forhold, klesdrakter, geografi, men òg heilt daglegdagse ting på felt dei ikkje har kjennskap til sjølve. Det vera seg arbeidsoppgåvene til ein bibliotekar eller å leggja makeup. Det er gjerne dei små detaljane som gjer historien overtydande og realistisk.

For å få tak i opplysningane ein treng, tyr ein gjerne til oppslagsverk av ulike slag, det vera seg på papirform eller på nettet. Veldig greitt for mange ting, men – kva når ein ikkje finn noko av det ein treng? Det er jo ikkje alt som er like interessant å publisere heller, sjølv om det er vanleg. I alle fall i bøker og andre oppslagsverk. Då er det godt å ha nokre å spørja.

Nettet er godt å ha då, der det er fleire fellesskap der ein hjelper kvarandre ut. Eitt slikt fellesskap der ein passar på at ein får detaljane rett, er passande nok kalla Detail Oriented - For Great Justice.

Grunnen til at eg tenkjer på dette no, er eit tema som har dukka opp eit par gongar tidlegare i sommar. (Er berre eg som er så treg til å blogga om det.) Temaet er transing, og så var det ein som lurte på kva effekt det ville ha for ein mann som vart opphissa – med tanke på ereksjon – om stellet hans var pakka (tucked, som dei seier på framandlandsk.) Ikkje så uvanleg teknikk for dei som vil unngå å få ein kul der damer ikkje har ein kul.

Ikkje alle er like oppglødd over slikt, men fleire var interesserte og ville veta meir enn berre effekten på ereksjonen slik pakking har – dei ville gjerne veta om pakkinga sjølv. Nytting informasjon for enkelte. Og svar fekk dei alle. Både om den etterspurte effekten (menn får ikkje ereksjon når stellet er pakka) og framgangsmåten for pakking, vist fotografisk for dei som måtte ha interesse av det. Ikkje alle har lyst å sjå slikt, men forfattarar som må setja seg inn i ting for å få detaljane rett…

Vel – alt det forfattarar må setja seg inn i, altså. :wink:

Andre spørsmålet innanfor temaet kom litt seinare, og var langt meir uskuldig. Vedkommande lurte berre på om det kunne finnast ein jobb eller noko, der ein gutt måtte kle seg som jente som del av det. Ikkje fullt så lett å finna svar på det kanskje, men nokre forslag kom.

¹ No må eg vera ærleg nok og innrømma at det ikkje er eg som hadde denne konversasjonen. Eg syntest berre det passa bra som ei innleiing…

Liknande innlegg:
Verneskjørt… ⇐ ⇒ Den store konspirasjonen


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Eg forstend ikkje steg 5-6-7. Men det der såg morosamt ut, han forsvinn jo heilt! Sjølv um det ser massivt groteskt ut på bilete 6.



Monica skriv:
Gravatar

Steg 5 er ganske enkelt å klemme saman litt hud framme og lime med superlim av eitt eller anna slag (så vidt eg såg av kommentarane i diskusjonen) slik at det skulle sjå litt realistisk ut, med ei sprekke på rett plass. Om det er for å kjenna seg meir «fullkomen» eller noko i den dur, eller om det er planar om å visa seg nakne nedantil og likevel sjå ut som kvinne, det er litt vanskeleg å veta.

Siste steg er eigentleg steg 5, så nummer 6 og 7 er berre foto nedanfrå for å sjå korleis det ser ut frå den vinkelen. Litt grotesk, ja :)

Største problemet er nok steg 2 (eller 4?) der testiklane skal opp i holrommet der dei ein gong kom ut i frå. Eg har ikkje akkurat prøvd så mykje sjølv, men så langt er eg utan hell på det feltet…



Odin/Velmont skriv:
Gravatar

Hehe, du er morosam :-)

Eg vil ikkje prøva. :-s



Monica skriv:
Gravatar

Sidan eg med jamne mellomrom får besøkande til sidene mine med søkeorda «unngå ereksjon». så kan det vera på sin plass å nemna at pakking (tucking) skal vera ein effektiv måte å unngå nettopp ereksjon på.



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    August 2007
    M T O T F L S
    « Jul   Sep »
     12345
    6789101112
    13141516171819
    20212223242526
    2728293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster