{17. Juni, 2007}   Eh… Javel, ja.

Eg veit ikkje heilt kva det er med slike store, vide kjolar eg, men det er ein del som har sansen for dei. Dette gjeld damer av begge kjønn. Som ein representant for denne interessa ser me Jordan nedanfor her, iført ein strålande vakker brudekjole. Ektemannen Peter Andre (til venstre) held ein avstand på eit par armlengder, noko som tyder på at slike vide kjolar ikkje kan vera så særleg praktiske om intimitet og nærleik er å ønska.

Men, no er det ikkje berre kjolen som er av interesse her, då hadde det vore nok med eit enkelt bilete i staden for ei flash-fil. Vitjande som har auge for litt meir enn berre kjolen – eller Jordan – har kan hende lagt merke til ein trekant nede i venstre hjørna. Det er ein knapp som startar speling av bakgrunnsmusikk, sunge av ekteparet sjølv. Eg veit det ikkje er siste nytt dette her, men enkelte ting blir jo betre når dei vert lagra.

(Either JavaScript is not active or you are using an old version of Adobe Flash Player. Please install the newest Flash Player.)

Muleg enkelte vil seia at dette må lagrast enno litt lengre, men…

Lat meg gjera merksam på at dette ikkje er meint å ta rolla som musikkvideoen denne helga. Den kjem seinare.

Liknande innlegg:
Tre ting få veit om meg ⇐ ⇒ The Killers – Somebody Told Me


Tilbakesporing frå Hamskifte

[...] trengst det ein kur for såre øyre etter førre innlegg? Var det så grusomt at de trygla dei i nærleiken, «Drep [...]



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Juni 2007
    M T O T F L S
    « Mai   Jul »
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    252627282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Du kan byte kjønn nett når du vil ved å tenke på det. Du ville:

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster