{10. Juni, 2007}   Kjøpa bøker etter kilopris

Stabelen med bøker eg har kjøpt til kiloprisDenne veka har det vore Sandnesdagar her i, eh, Sandnes. Det har med andre ord vore ei veke med liv i gågata, masse ulike standar og butikkane har hatt fleire gode tilbod. Ja, ikkje berre dei i gågata då. Når det er slik, så blir ein gjerne gåande rundt og sjå litt ekstra, sånn i tilfelle du oppdagar noko gøy du ikkje visste du kunne tenkja deg… ;)

No har det jo òg vore eit ypperleg vêr – stort sett – til å gå rundt slik ute i gata. Lettkledd og nyta sola og softis, sjå på livet, og kanskje finna nokre tilbod du blir litt nyfiken på. Eitt slikt tilbod var det eine bokhandlaren som baud på.

Utanfor nemnde bokhandel var det stilt opp nokre bord der dei hadde bøker til salgs. Ikkje så uvanleg akkurat det, men her var det fleire bøker enn dei pleier stilla ut slik – og så var dei prisa pr kilo. 25 kr/kg og 50 kr/kg. Slikt stiller etter mi meining i klasse med posesalg, så her måtte eg jo berre snusa litt og sjå om det dukka opp noko interessant. No skal det jo seiast, at til ein slik kilopris så kan ting lett bli meir interessante enn det dei opprinneleg var.

Eg fann litt bøker eg. I tre omgangar. Torsdag fann eg litt, jentene i butikken vog opp, og eg betalte for 1,5 kg. Det same skjedde fredagen. Og i dag, då fann eg jammen litt til, denne gongen 860 gram bøker. Så kan du lura då: Kor mange bøker utgjer 3,86 kg? Vel – eg er ikkje heilt sikker eg, for eg la merke til at fredagen så slo dei litt av på vekta. Etter mi vekt her heime, så har eg til saman kjøpt 4,1 kg. Kor mange bøker det utgjer, det kan du sjå av biletet på sida her.

Ser du godt etter på biletet, så legg du kanskje merke til at det er stort sett éin type bøker som har fanga interessa mi. Alle bøkene er òg i same prisklasse, så om eg seier at eg etter mi vekt har fått 6 kroner i avslag, skulle det vera enkelt å finna ut kva kilopris eg har betalt, og kor mykje eg har betalt til saman.

Det skulle i alle fall vera liten tvil om at det ikkje er noko å seia på prisen…

Einaste problemet då er å finna ut kva for ei eg skal starta med. Kom gjerne med forslag ;)

Liknande innlegg:
LOLCats ⇐ ⇒ Tre ting få veit om meg


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

Hmm. Kult. Her i Oslo selde dei bøker for 20kr/stk. Men kiloprisen der må vera endå betre (etter kjapt overslag i hovudet). :-)



Monica skriv:
Gravatar

Teoretisk sett, om dei 20-kronersbokene er nokre skikkelege mursteinar, så kan kiloprisen koma ned mot den eg betalte. Slike bøker finst jo, men det skal nok godt gjerast likevel. ;)



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Juni 2007
    M T O T F L S
    « Mai   Jul »
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    252627282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva merkelapp set du på deg sjølv?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster