{1. Mai, 2007}   Viktige ord

Day by Day-cartoon

Gutar leikar ikkje med dokker, sånn er det berre. Actionfigurar og denslags derimot, det er heilt greit. Me vil kanskje flira av ei sånn ordveksling som i teikneserien over, men etter ei stund så hadde visst det der kverna litt i bakhovudet, for eg kom til å tenkja på at det var i grunnen ei veldig kjent ordveksling det der, om enn på eit anna område: Klesplagg.

Eg går ut i frå at flesteparten er klar over at det finst eit herreplagg som går under namnet «kilt.» Det er òg fleire sterke meiningar om og rundt kilten, at han skal vera skotskrutete og brukast av skottar til dømes, men òg: Er kilten eit skjørt? I følgje definisjonen av eit skjørt er kilten ein bestemt type skjørt, men det er likevel mange som slett ikkje vil ha noko sånt snakk; ein kilt er ikkje eit skjørt!

Eg veit det er fleire døme på at det finst herre- og dameversjonar av same tingen, der herreversjonen slett ikkje må kallast det same som dameversjonen. Eg har vore ute for slikt – men ikkje kul om eg greier å koma på døme nett no… Hjelp?

Uansett, det eg undrar på er dette: Kvifor denne sterke motviljen mot å bruka same ord for same ting, enten det er for menn eller kvinner? Kvifor er det så viktig å bruka eigne namn – gjerne kun eigne namn – for herreversjonane?

Liknande innlegg:
Sommartid - katastrofalt for klimaet? ⇐ ⇒ Hedwig and the Angry Inch – Wig in a Box


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Mai 2007
    M T O T F L S
    « Apr   Jun »
     123456
    78910111213
    14151617181920
    21222324252627
    28293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva merkelapp set du på deg sjølv?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster