{17. April, 2007}   Bokstavkjeks. Og kjønn?

Eg er kanskje litt treg av meg, men i dag sÃ¥g eg bokstavkjeks i butikken. Mange Ã¥r sidan eg hadde sett det sist, men dÃ¥ eg høyrte med ei venninne fekk eg veta at joda – eg er treg. Det var leeeenge sidan bokstavkjeksa var tilbake. Men – kor lenge sidan dÃ¥?

bokstavkjeks.jpeg

Eg googla litt eg, for Ã¥ finna svaret. Sætre sine sider fekk eg ikkje kontakt med, sÃ¥ det neste som sÃ¥g ut til Ã¥ gi svar var ein artikkel i Klassekampen, eit intervju med Petter Schjerven. Med ei fortid som programleiar i «Typisk norsk» kunne det nok vera passande Ã¥ snakka med Petter om bokstavkjeks – og eg fann svaret eg var ute etter. Kjeksa var pÃ¥ plass i hyllene att i februar dei. Eg trøystar meg med at det er ikkje sÃ¥ lenge sidan, sÃ¥ heilt blind har eg vel ikkje vore. I «min» butikk kom dei kanskje seinare òg, for alt eg veit.

Men kvar kjem kjønnet inn i alt dette? Vel, programleiaren i serien «Eva og Adam» – Petter Schjerven – hadde lagt merke til noko anna enn berre forma pÃ¥ kjeksa. Han hadde òg lagt merke til pakningane: Dei sÃ¥g ut til Ã¥ vera delt opp i gutepakkar og jentepakkar… akkurat det er utilsikta, i følgje marknadssjefen i Sætre. Dei ville berre laga ein familie av bokstavkjeksbilar – motiva pÃ¥ pakningane. Det er vel eigentleg ingen grunn til Ã¥ mistru dei pÃ¥ det, eller?

Uansett så står det viktigaste av alt oppe i dette fast: No er det lov å leika seg med maten igjen! Blir de med på bokstavkjeksscrabble?

Liknande innlegg:
R.E.M. – Crush With An Eyeliner ⇐ ⇒ CD Film


Odin / Velmont skriv:
Gravatar

På årsmøte i studentmållaget i Oslo fekk me delt ut denne bokstavkjeksen. Eg må seia han var ganske forferdeleg. Dei nostalgiske kvalitetane fekk meg til å fortsetja å eta, men det var ikkje godt. Det smakte på ein måte som sur plastikk, øhm. So, eg vil ikkje tilrå å kaupa desse kjeksane av smak iallfall.



wander skriv:
Gravatar

De smaker ikke noe godt lengre nei… husker ikke om de smakte godt den gangen for lenge siden, men nÃ¥… uff… :cry:

Men - de er morsomme…



Monica skriv:
Gravatar

Det er ein heilt annan type kjeks no enn det var før, og dei er ikkje like søte som dei var – men eg synest ikkje dei er sÃ¥ galne eg… Kjøpte ein pakke i dag, og knaska pÃ¥ jobben. Klart, inntrykket kan nok endra seg om ein gumlar i seg kjeksa i eitt, men slik er det vel med alle kjeks?

Eg tok forresten pakken med den raude bilen. Vrooom!



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    April 2007
    M T W T F S S
    « Mar   May »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    30  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva nettlesar føretrekk du?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster