Hamskifte

Av og til er det godt å skifta ham

Archive for February, 2007

Impotenspillen

Har du problem med ereksjonen? Reiser han seg når det er om å gjera å vera slapp og liten? Lite samarbeidsvillig når det gjeld? No er løysinga her: Impotenspillen Argaiv!

Argaiv - impotenspillen

Dame med ereksjonBorte er dei dagane då ufrivillig ereksjon kunne føra til pinlege situasjonar og/eller eit ruinert image. Ein liten pille er det som skal til for at du kan slappa av, utan frykt for at veslemann handlar heilt på eiga hand og prøver å gjera seg stor og viktig.

Er du redd for å få reisning i herredusjen? Angst for kva reaksjonar det kan medføra? Ein liten pille Argaiv i forkant hjelper deg med å unngå potensielt pinlege situasjonar og rykter.

Skeptisk til å besøka naturiststrender fordi du er usikker på korleis du vil reagere? Kanskje du opptrer i eit strippeshow, og ikkje vil la tilfeldighetane rå? Ein liten pille Argaiv, og du slepp å verta flau om det er noko du absolutt vil unngå.

Eller kanskje er du ofte i situasjonar der ein ereksjon er fullstendig malplassert og kan bokstavleg talt øydeleggja alt, som nÃ¥r du er kledd som dame og definitivt ikkje vil gi nokre hint om at du er ei dame med “det lille ekstra”. Ein pille Argaiv før du gÃ¥r ut hjelper deg med Ã¥ halda pÃ¥ løyndomen i fleire timar. Ein ekstra pille eller to i handveska hjelper pÃ¥ om du skal vera ute lenge.

Bruk

Argaiv hemmar ereksjon og dempar midlertidig sexlyst. Begge delar kjem  tilbake når verknaden av medisinen avtek.

Dose:  1 pille pr 4–6 timar, maks 6 stk pr døgn i 3 døgn. Dosering ut over dette mÃ¥ ikkje gjerast utan i samrÃ¥d med lege.

Biverknadar

Ved lengre tids bruk kan følgjande biverknadar oppstå:

  • Redusert hÃ¥rtap
  • Meir sensitiv hud
  • Du har lettare for Ã¥ frysa
  • Periodevise humørsvingingar
  • Auka brystvev (utvikling av bryst)
6 comments

Lavendelolje gir deg pupper?

Muleg eg burde kjøpa aksjar i firma som lagar produkt med lavendelolje, for no blir det vel eit rush etter slike produkt? 😉

Uansett, i følgje ein artikkel i New Scientist sÃ¥ er det pÃ¥vist at slike naturlege oljer inneheld bÃ¥de østrogenhermande og androgenhemmande kvalitetar. Tre unge gutar som brukte slike produkt regelmessig utvikla brystvev — men det gjekk tilbake dÃ¥ dei slutta med bruken.

Hmmm — kanskje eg skulle vera litt flinkare til Ã¥ stella med føtene mine? Eg har litt fotkrem som inneheld lavendel…

Comments are off for this post

« Previous Page