{18. Februar, 2007}   Kjoleskap

Annonse for kjoleskap...Whirlpool, Bosch, Gram, og mange fleire – er dette firma som alle har oppdaga ein ny nisje å tena pengar i? Veldig spesialisert, men likevel stor nok til å rettferdiggjera investeringar?

Dersom eg skal stola på reklamen så stemmer vel det. Eg var nemleg inne i gmail og leste litt der, då eg la merke til reklamen på sida. Nederst i reklameblokka var det eit lite ord som skreik ut etter merksemd: «Hei, sjå her – dette er noko for deg.» Eg brukte den smarte funksjonen i Opera, sette zoom til 200% og såg etter ein gong til. Joda, det var ikkje til å ta feil av. Det vart reklamert for kjoleskap.

Det høyrest bra spennande ut, synest eg. Men – nøyaktig kva funksjon har desse kjoleskapa? Kva fordelar har dei i forhold til vanlege garderobeskap? Med tanke på at produsentane helst er kjente for kvitevarer, så er det kanskje ein kombinasjon av vaskemaskin og tørkeskap, eller?

Eg må innrømma eg er litt i villreie her no. Kva er eigentleg eit kjoleskap? Har de idéar vil eg vera takknemleg om de skriv om det i ein kommentar. :)

Liknande innlegg:
Kjønn og klede ⇐ ⇒ Menn: Kutt ned på klesbudsjettet!


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Februar 2007
    M T O T F L S
    « Jan   Mar »
     1234
    567891011
    12131415161718
    19202122232425
    262728  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster