Lavendelolje gir deg pupper?
Muleg eg burde kjøpa aksjar i firma som lagar produkt med lavendelolje, for no blir det vel eit rush etter slike produkt?
Uansett, i følgje ein artikkel i New Scientist så er det påvist at slike naturlege oljer inneheld både østrogenhermande og androgenhemmande kvalitetar. Tre unge gutar som brukte slike produkt regelmessig utvikla brystvev – men det gjekk tilbake då dei slutta med bruken.
Hmmm – kanskje eg skulle vera litt flinkare til å stella med føtene mine? Eg har litt fotkrem som inneheld lavendel…
No commentsNo comments yet. Be the first.
Leave a reply
Abonner på Mixteip RSS