{30. January, 2007}   Velbrukt er… gjerne slite

BootsEin eller annan stad har eg ei bok eg har lest, der hovudpersonen hamnar i ei verd der ting vert betre jo meir dei vert brukt. Diverre kjem eg ikkje på kva for ei bok det er, men eg trur forfattaren er L. Sprague de Camp. Uansett, av og til kunne det vore greitt å hatt det på same måten her.

Eg har hatt eit par svarte, høge støvlettar i lang tid. Høgt skaft, og greie hælar. Dei har vore gode på og halde bra, noko som berre har vore positivt, då det ikkje alltid er så lett å finna fine støvlettar i min storleik. Diverre er det jo slik i denne verda at ting vert meir slitne dess meir dei vert brukt. Ein ting er at støvlettar kan sålast om etter kvart som sålen vert slite ned, men her om dagen oppdaga eg at eg kunne sjå kva farge neglelakken på stortåneglene mine hadde, utan å ta av meg på beina. Då var det på tide å få meg nytt fottøy, fann eg ut.

Det var ikkje det beste tidspunktet Ã¥ bli utan støvlettar pÃ¥ dette, sidan det har gÃ¥tt ut ein del tusen meir enn venta, og ein del tusen til skal snart gÃ¥ same vegen (dvs vekk frÃ¥ meg) sÃ¥ bankkontoen er ikkje særleg velfylt. Men – eg mÃ¥ ha godt fottøy i det vêret me har no, sÃ¥ det var berre Ã¥ gi seg ut pÃ¥ ein liten runde i butikkane.

Eg var faktisk litt heldig: Den første butikken eg stakk innom var den eg hadde minst tiltru til, då dei svært sjeldan har noko i min storleik, men jammen santen hadde dei ikkje eitt par boots der. I min storleik. Dei var på salg òg, så eg kom svært rimeleg ut av dette. Kun ein hundrelapp fattigare, men til gjengjeld eit par boots rikare. Eg tok dei på meg i butikken og let personalet der kasta dei gamle støvlettane mine.

Greit nok, det var ikkje akkurat denne typen eg hadde sett for meg då eg gjekk ut, men til den prisen skal eg ikkje klaga. Då kan eg faktisk ha råd til eit par til ein gong seinare då, om eg skulle komma over noko fint. :)

Liknande innlegg:
CD CD ⇐ ⇒ «Kjønnsskifte» i spel


Becca skriv:
Gravatar

Er det dine støvletter på bildet? Vist ikke så må du vise dem frem! *smiske*



Monica skriv:
Gravatar

Det er mine, ja. Fine? :)



Becca skriv:
Gravatar

Ja, kjempe fine! FÃ¥r litt nostalgia her nÃ¥. cowboy boots.. slutten av 80-tallet… *sukk*



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    January 2007
    M T W T F S S
    « Dec   Feb »
    1234567
    891011121314
    15161718192021
    22232425262728
    293031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva merkelapp set du på deg sjølv?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster