{16. December, 2006}   Ingen vil ta bussen om laurdagane

Eg innrømmer gladeleg at at det nok er ein del som vil vÃ¥ga den pÃ¥standen at eg ikkje har heilt rett i det eg seier i overskrifta, men høyr meg ut. Kjøpesenteret Kvadrat i Sandnes har ein viss storleik – landets største har det blitt sagt mange gangar. Det er ikkje Ã¥ undrast over at det dÃ¥ er ein del ute og handlar der, inkludert om laurdagane.

Busskort, KolumbusDet er kanskje ein logisk samanheng der, men det skulle ein ikkje tru om me ser pÃ¥ kollektivtilbodet om laurdagen: Lite! Greit, det er ikkje sÃ¥ gale i byrjinga av dagen, men senteret har ope lenge det, og utpÃ¥ ettermiddagen gÃ¥r bussane sjeldnare, og det er færre av dei. Med «færre» meinar eg at det er ein del ruter som ikkje gÃ¥r – eller gÃ¥r svært sjeldan.

Kva inneber dette? Kort og godt: Er du ute på storhandel (ikkje så uvanleg no når det er mange julepresangar å kjøpa) så må du gjera deg tidleg ferdig. Brukar du litt tid, og handlar inn litt meir enn du orkar å bæra over lange avstandar så bør du ikkje setja for stor lit til kollektivtrafikken. Slik som til dømes meg i dag. Eg hadde vore ute på julehandel, kjøpt inn presangar og mat, og det var for mykje til å bæra med meg heile vegen heim. Problemet var at eine bussen som ville passa hadde slutta å gå, andre gjekk først to timar seinare, så eg måtte slå meg til ro med ein buss som tok meg mesteparten av vegen fram. Det var berre ein halvtime å venta.

Jammen godt då at det er så få som vil ta bussen om laurdagane, slik at bussjåføren slapp å avvisa alt for mange, og be dei ta neste buss (som gjekk ein halv time seinare, og ei anna rute.)

Sukk!

Kjære julenissen: Eg ønsker meg bil til jul!

Liknande innlegg:
Ny barbermaskin? ⇐ ⇒ Avhengig?


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    December 2006
    M T W T F S S
    « Nov   Jan »
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    25262728293031
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Menn i skjørt?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frÃ¥ Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster