{22. Oktober, 2006}   I drag for Rognan

»Damene« i alt for Rognan
Så har eg endeleg fått sett ein episode av «Alt for Rognan» – kanskje det var på tide? No veit eg ikkje kva eg har gått glipp av tidlegare, men episoden denne veka var i alle fall fornøyeleg å få med seg. Eg får følgja med vidare for å sjå korleis ting går. Det som var artig i episoden denne veka var jo dragforestillinga og reaksjonane rundt det.

Sjølvsagt vart det mykje lått og moro, noko anna er vel ikkje å venta i eit slikt variert lag. Kommentarane frå gjengen på vegen mot det ferdige resultatet var litt interessante å få med seg òg – eit par stykke hadde prøvd seg tidlegare i dameklede og høge hælar, kom det fram. Godt humør var det i alle fall på alle, og vilje til å gjera det beste ut av det.

Mest positiv til det heile var kanskje Steinar, studenten. I det minste var han i alle fall ikkje redd for å gi uttrykk for at han hadde sansen for det. Han storkoste seg i høge hælar,sa han i nettpraten, og ville gjerne gjera slikt igjen. Han hadde funne urkvinna i seg sjølv. Enkelte meinte at det måtte då vera pinleg å måtta kle seg i kvinneklede, men så veldig pinleg var det visst ikkje, korkje for han eller Geir som òg var i nettpraten – og kvifor skulle det no vera pinleg? Dei er nok trygge nok på seg sjølv til å takla slikt.

Stilige som damer var dei i alle fall. :)

Liknande innlegg:
Statistikk-junkie? ⇐ ⇒ Scissor Sisters - Filthy/Gorgeous


RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Oktober 2006
    M T O T F L S
    « Sep   Nov »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    3031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Kva merkelapp set du på deg sjølv?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster