{10. Oktober, 2006}   Gravid? Eg?

Gravid kvinne i profilEg vart teken for å vera ei dame. Det er smigrande nok det, men…

For å ta situasjonen frå byrjinga: Eg kom til busstoppen, bærande på ei lang pakke frå IKEA. Eg har lakkerte negler på tær og fingrar, høghælte sandalar, skjørt og genser. Ingen pupper, men til gjengjeld har eg ein del skjeggstubbar - slikt som ein får når ein ikkje barberer seg ein dag. På busstoppen stod det ei (søt) dame frå før, og me byrja no å snakka litt. Litt uti samtalen spør ho, på litt gebrokkent norsk, om eg er norsk. Og jo, eg måtte no innrømma det. Deretter peikar ho på magen min, og lurar på om eg er gravid…

No kunne eg jo ikkje anna enn å ta det med godt humør då - eg får heller sjå om eg greier å ta det som ein ekstra, liten spore for å slanka meg litt. Sjølv om eg ikkje er tjukk, i følgje andre… (Er berre litt tynn elles, utanom pondusen.)

Men eg har tenkt litt i ettertid, på korleis ho har tenkt; «Norske menn går ikkje i skjørt, vedkommande er norsk, ergo må det vera dame» - kanskje? Rettnok kan eg med todagarsskjegg sjå ei dame i spegelen sjølv, men at andre skulle gjera det? Uansett, bussen hennar kom då, så vår tid saman var over. Det siste ho sa var rett nok «Snakkest» - men eg har ikkje sett ho seinare, så sjølv om eg gjerne skulle ha snakka meir med ho så har ikkje det skjedd.

Liknande innlegg:
The New Pornographers - Sing Me Spanish Techno ⇐ ⇒ TWO


Gaute skriv:
Gravatar

Positivt opplevelse det vel? Ho hadde sikkert ikke lært seg å prate om været ennå så da må man ta det man har for hånden :)



Becca skriv:
Gravatar

*fnise*



Tilbakesporing frå Hamskifte

[...] før, og det er slett ikkje så dumt. Dessutan så vil kanskje enkelte ymta frampå om at eg har grunnar for å slanka meg [...]



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    Oktober 2006
    M T O T F L S
    « Sep   Nov »
     1
    2345678
    9101112131415
    16171819202122
    23242526272829
    3031  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster