{23. September, 2006}   Dame for ein dag

Rocky

Eller for kvinnene: Mann for ein dag. Det var Rocky som sette tankane i sving denne gongen: Kva ville du gjort om du var dame for ein dag – fullstendig biologisk dame – dersom du stod heilt fritt til å gjera kva du ville? Det er ikkje spesielt originale tankar, då dei har vore framme fleire gongar ulike stadar, og mange ville gjerne oppleve det dei fysisk sett ikkje ville vera i stand til som menn. Men – kva om me endrar litegrann på problemstillinga?

Du opplever at du i løpet av natta har blitt fullstendig, biologisk dame. Alt det andre er som før: Arbeid, ektemake, born, og kva det no skulle vera. Kva då? Ein ting er jo t.d. korleis kona ville oppleva å vakna opp med ei dame i senga i staden for ektemannen, for dei med den sivilstanden - men kva med resten av dagen? Ville du fått sjokk og murt deg inne, eller?

Så klart, det er slett ikkje usannsynleg at du ville trenga litt tid for å takla ei slik omvelting - særleg om du ikkje visste kor lenge dette kjønnsskiftet ville vara. Korleis ville det vera om du var dame for ei veke, ein månad, eit år…? Kva ville du då gjort?

Og så kan eg endra enno ein gong på problemstillinga: Ikkje berre ville du vera klar over at du ville vera dame for ein dag - du ville òg vera i stand til å skifta på å vera mann og kvinne nett når du ville, og så lenge du ville. Ville du i det heile teke prøvd å bytta kjønn? I så fall, kor ofte, kor lenge og kvifor?

Jaja. Sånne tankar er det eg gjer meg når eg burde ha lagt meg for mange timar sidan. Men det kunne vore gøy om enkelte hadde prøvd å svara ;)

Som hamskiftar ville eg nok sjølv bytta att og fram titt og ofte av same grunn som eg no skiftar ham på mindre fullstendig måte. Og nyta kroppen min, i alle fall i starten – kunne vore greit å fylla ut der eg skulle fylla ut, og ikkje omvendt. Hadde eg derimot vakna opp som dame utan å veta om det på førehand, så hadde eg nok fått sjokk i første omgang. Og deretter, om det varte, levd som vanleg som ei lesbisk? (For eg ville nok stadig vera glad i damer, reknar eg med.)

Liknande innlegg:
Korleis får ei dame plass til så mykje i veska si? ⇐ ⇒ Sko-frustrasjonar


Sexy Sadie skriv:
Gravatar

Nei, jeg elsker å være kvinne. Synes faktisk litt synd på fyrer, de går glipp av så mye.



wander skriv:
Gravatar

Jeg ville nok bytta for å prøve…



RSS feed for kommentarar til dette innlegget. - TrackBack URI

Skriv ein kommentar

XHTML: Du kan bruka desse taggane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

(Antispam - krav)


Av og til er det godt å skifta ham

  • Kalender

    September 2006
    M T O T F L S
    « Aug   Okt »
     123
    45678910
    11121314151617
    18192021222324
    252627282930  
  • Arkiv

  • Avstemmingar

    Sminke for menn?

    Sjå resultat

    Loading ... Loading ...
  • Sider

  • Hamskifte Mixteip

  • Kategoriar

  • Tilfeldig plukka

  • Siste innlegg

  • Siste kommentarar

  • Stikkordsky

  • RSS Glugg

  • RSS Siste frå Bloggrevyen

  • Opera 9.6 - Making you faster